Originalen frå Borgundøy

Berre murane etter våningshus og andre bygningar står att på Aske i dag.

Tjerand Aske sykla over Folgefonna i 1931. Dette biletet tok han med sjølvutløysar.

Etter at våningshuset datt saman flytte Tjerand ned i naustet.

Han rømde frå alt, så å seia.

Han vart rekna som ein original all sin dag, Tjerand Aske frå garden Aske på Borgundøy. Etter at foreldra døydde budde han åleine på garden, og etter mange si meining var det knapt råd å koma nærare eit villmannsliv enn det livet han levde.

Bak det villmannsliknande ytre løynde det seg ein stor intelligens, gjerne brukt på ein original måte, djerv og uforferda som han var. Han var ein flittig gjest på Leirvik og andre handelsstader etter å ha kryssa fjordane i robåt.

Men trass i all originalitet i kvardagen var det for sykkelturen over Folgefonna ein januardag i 1931 han vart landskjend.

Garden Aske ligg einstaka og fritt til oppe i fjellsida som vender ut mot Storafjorden. Og nett denne fridomen Tjerand var fødd til på heimegarden, kom til å prega han heile livet. Han tok over garden etter far sin i 1947 og livberga seg av sauehald. Men lenge før den tid førte læretrong Tjerand til Hardanger Jordbruks- og fruktdyrkarskule på Utne.

Det var på veg til skulen at «villmannen» frå Aske sykla over Folgefonna. Det vert fortalt at han etter sykkelturen over fonna kom ned Buarbreen til garden Buer. Derifrå sykla han til Odda og vidare langs fjorden til Børve. Der fekk han seg båtskyss, som rodde han til Veluret. Han fekk hyra seg ny skysskar, som rodde han til Aga.

Vel framme på skulen merka ikkje Tjerand seg særleg ut frå dei andre elevane. Men det vert fortalt at når han skreiv stil hadde han lett for å koma inn på eigne økonomiske synspunkt. På den måten trefte han rektor på kornet, og i stor grad gjekk stiltimane med til å kommentera Tjerand sine meiningar.

Julenatt under robåten

I dag er det berre husmurane som står att av tunet på Aske. Tjerand hadde lite sans for å vedlikehalda bygningane. Og då stovehuset ramla saman, vart naustet ny buplass. Men sommardagen blunka han ikkje for å leggja seg til ute.

Etter kvart som åra gjekk etter at han hadde teke over garden, auka saueflokken og vart større enn det garden kunne skaffa fôr til. Såleis var han ofte på høykjøp og slett ikkje alltid i godvêr.

Restane etter robåten til Tjerand Aske ligg enno i naustet hans.

Det vert fortalt at han ein gong hadde vore på garden Fatland på Halsnøy og fått kjøpt seg nokre høybører. Då han var i ferd med å lasta robåten, rauk det opp med ein rasgalen nordveststorm. Men sidan det var vesle julaftan, ville Tjerand heim. Det gjekk radig unna i medvinden. Men då han kom sør i Sydnessundet og skulle bøya av mot Fjelbergsund, vart han berre føysa vidare på bein kurs. Sjølv ikkje kjempekreftene hans var nok til å stå mot naturkreftene.

Etter eit hardt basketak klarte han å styra båten til lands på Sydnesøya og fekk berga både båt og høy på land. Då Tjerand vakna på julaftan, var det etter å ha sove under båten han hadde kvelvt like ovafor flomålet.

Humoristen

Inni dette gamle treet hadde Tjerand telefonen sin.

I Aske hadde Tjerand det fritt på alle måtar, han var konge i eige rike. Men sjølv om han ikkje i særleg grad lika å få vitjing på garden, var han på ingen måte eremitt. Han var fast gjest på tilskipingar i heimbygda. Lika å snakka med folk og var ein lesefør kar som heldt seg orientert om kva som hende i samfunnet. Han var lenge trugen kyrkjegjengar i Fjelberg kyrkje og hadde respekt både for Gud og menneske.

Tjerand Aske var ein original – og var klar over det sjølv. Det vert fortalt at han søkte som poststyrar i Fjelberg ein gong jobben var ledig. Søknaden skulle vera skriven på litt av ein kraftfôrsekk. Om historien er sann, tok han eit atterhald med omsyn til å ta imot jobben. Vilkåret var at Postverket kunne skaffa han kone. Dette vilkåret grunngav han med at armane var vortne så uhorveleg lange av mange vassbører, difor trong han hjelp. Denne soga fortel ikkje berre om originalitet, men at det var ein kar med humor.

Ein sørgjeleg slutt

Etter at Tjerand var komen så langt opp i åra at han var vorten «statsløna», kan det sjå ut for at han vart uroleg i blodet. Han drog over fjellet til Oslo og fekk oppleva storbylivet på nært hald.

Ryktet vil ha det til at han levde som uteliggjar, men det er ikkje rett. Tjerand var all sin dag avhaldsmann og brukte aldri alkohol. At han gjekk på byen og samla tomflasker er rett, men han rota ikkje bort pengane han fekk i pant.

Tjerand Aske var ikkje til meins for nokon, at han var hard mot seg sjølv på mange måtar, er ei heilt anna sak.

I Oslo hadde han jobb som ein slags vaktmeister og låg korkje samfunn eller medborgarar til last. At han enda sine dagar i ei av gatene i Oslo då ein mann og ei kvinne prøvde å rana han, fortel kor mykje meir nådelaust det urbaniserte samfunnet er enn dei tilhøve Tjerand var vane med frå heimbygda. Heller ikkje ein original kunne få leva i fred i storbyen. Han døydde i 1976.

Av Torleiv Sydnes og Kristian Hus (foto).