«Godt vaksen» sel godt

Forfattaren på plass i Spar Uskedalen laurdag.

Forfattaren på plass i Spar Uskedalen laurdag.

Arnfred Eik var ein av dei som sikra seg boka.

– Eg er svært nøgd med salet, slo skribent Kristian Hus fast etter nokre timar på Spar Uskedalen laurdag, der han selde boka Godt vaksen. Mange uskedelingar og folk frå nabobygdene viste stor interesse for boka, som handlar om 12 eldre kvinnheringar og deira syn på livet.  I tillegg har utgjevaren teke med tre essay.

Kristian Hus gjev ut boka i samarbeid med sonen Kristen Børje, som står for fotografering og den grafiske utforminga av boka.

Boka byggjer på samtalar med 12 kvinnheringar, og to av dei er uskedelingar. Det er Jens Ljosnes og Ragna Hjelmeland (f. Langballe), som voks opp på Skorpo.

Essaya i boka er skrivne av ungdommen Karen Anna Kleppe og dei to pensjonistane Ove Tvedt og Otto Blokhus.

Det er ei flott innbunden bok, og dei 15 har mykje interessant å fortelja.  Den erfarne mediamannen Kristian Hus er garantist for at dette vert formidla på ein god måte, og bileta til sonen Kristen Børje krydrar innhaldet.

Det er svært interessant å lesa om opplevingane til dei eldre. Det er tydeleg at ein av dei, Bernt Kaldestad (93 år), har rett når han uttalar:

– Eg er ingen gamling, berre litt eldre.

Av Thor Inge Døssland
www.uskedalen.no

Forrige
Forrige

Ny ferje- og båtbok frå Harald Sætre

Neste
Neste

Farleg å leva