Samferdsle, sex og misunning
Det blir hevda at seksualdrifta er sterk, misunnelsen er sterk, men det er spørsmål om ikkje samferdsel – vegar til og frå – er enno sterkare. Det er knapt noko som får ein jamn vestlending til å få mest til lyst til å grava skyttergraver, skaffa seg hjelm og ta fram hagla, enn samferdsel.
Men vi lar det vera, i staden klarer vi oss med å vera svære i kjeften. Og «alle» har rett, i alle høve meir rett enn alle dei andre.
Men denne gong er det verkeleg vi som har rett. Statens Vegvesen veit det, fylket veit det, økonomane veit det. Det er snakk om kilometer med kortare veg fra vest og aust, det er snakk om få fram den sikraste vegen, den som går over Haukelifjell.
Samferdelsminster Ketil Solvik-Olsen har bestemt seg – eller har han det? Regjeringa vil la stamvegen gå over Haukeli, eller vil dei ikkje det likevel? Vegen som har færre høgdemetrar enn andre, han er minst ein halv time kortare å køyre og han er først og fremst mest av alt samfunnøkonomisk. Veldig samfunnsøkonomisk.
Det er snakk om ein veg som vil ha eit pluss på 12 milliarder kroner medrekna Hordalandsdiagonalen, vegen frå Kløvet i Odda til Bergen.
Hordalandsdiagonalen vil gje store delar av dei indre delar av Hordaland kortare veg til Bergen og samstundes ha ein direkte kontakt med trafikk òg frå både Haugesund og Stavanger. E-134 vil med desse planane heller ikkje dele Vestlandet i to.
I motsetnad til Hardangervidda-løysinga, som samfunnsøkonomisk går ein milliard i minus. Dei litt uhøgtidlege påstandane om bergensarar som først og fremst vil ha denne vegen fordi dei vil ha veg til «hytten sin på vidden», er faktisk ikkje noko anna enn realitet. Det er næringsleiarar i Bergen sitt argument.
Men det er òg ei politisk side, eller valpolitisk side ved denne saka. Kan Hordalandsdiagonalen ryke viss det viser seg at det er stemmene frå Bergen som er i fleirtal? Byane har ikkje alltid vore til støtte for distrikta.
Ikkje er det rein semje i distrikta heller. Odda, Fusa, Jondal og Kvam, har Ullensvang med seg, men heradet held seg «for nåse» med høgrehanda. Dei andre er Eidfjord, Granvin og Ulvik. Dei siste vil over vidda. Det heile kokar ned til kva som er det samfunnsøkonomisk beste vegvalet, det beste i køyretid, som har størst regularitet om vinteren og som held landsdelen samla.
Jau, det er nok samferdsel som er sterkaste drifta hos vestlendingar. Sex og misunning delar andreplassen.
Jan Gravdal
Jangen’s blogg