Hushalderska Aslaug


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Aslaug Sandvik var hushalderske hos dokter Haugen i mange år. Ho byrja hjå han etter at ho vart enkje i 1952, då mannen hennar døydde av kreft. Ho selde garden sin, men budde der på kår til ho flytta til gamleheimen i Rosendal. Der budde ho siste tida fram til ho døydde i 1999.

gianni-scognamiglio-3Oa0b0TF8tg-unsplash.jpg

Hjå Haugen hadde Aslaug mange oppgåver, og ho stelte både hus, dyr og hage. Tenesta fekk ein brå slutt i 1970. Etter far sin, som kjøpte garden av Aslaug, fortel Jens Oddvar Eikeland at ho ein dag kom heim og var mest på gråten. Ho hadde blitt så skuffa og fornærma då ho fekk vita at Haugen skulle gifta seg for tredje gong, at ho sa opp på dagen. Etter det vi kjenner til, var ikkje Aslaug den einaste kvinna som vart skuffa då dette giftarmålet vart gjort kjent.

Jens Oddvar fortel at det alltid var litt stas å besøkja Aslaug då ho jobba hos Haugen. Dokteren tok alltid godt imot dei, dei måtte alltid inn og få mat, og dei vart alltid vist rundt på eigedommen. Særs godt likte dei å sjå på fuglane hans.

Etter at Aslaug Sandvik slutta i arbeid hjå Haugen, begynte ho å jobba som kokke på gamleheimen i Rosendal, og der var ho til ho vart pensjonist.

Forrige
Forrige

Beste kyrkjehatten

Neste
Neste

På nasa i hermetikkboks