På nasa i hermetikkboks


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Jens Oddvar Eikeland hadde nett lært å gå då han var uheldig i 1952. Den halvanna år gamle guten stupte slik mange på den alderen gjerne gjer når ein nett har lært å stabba og gå. Resultatet vart at han skar nasa stygt opp i ein hermetikkboks.

Ikkje hadde dei telefon, slik dei fleste hadde på den tida, så mora pakka han inn og fekk tak i drosje. Så bar det til Rosendal til dokter Haugen. Han såg på skaden og ville senda den vesle guten til by’n. Mora var lite mota på det og sa:

– Eg tenkjer dokter Haugen syr sjølv, han?

– Ja, viss De holder, skal jeg sy, sa dokteren før han gjekk ut og henta drosjesjåføren og eine sonen sin. Dei skulle hjelpa mora med å halda.

– Dermed vart det til at tre personar heldt meg medan Haugen sydde. Syinga gjekk fint den, og ein del sting vart det. Kor mykje bedøvelse det var på den tida, veit eg ikkje, seier Jens Oddvar.

For at guten ikkje skulle nå opp til nasa med hendene, vart begge oldbogane stiva av. Dermed kunne den vesle guten fortsetja å øva seg å gå på ustøe bein.

– Eg datt nok nokre gonger, men resultatet vart bra til slutt.

pamela-callaway-aBYhjZVfNfU-unsplash.jpg
Forrige
Forrige

Hushalderska Aslaug

Neste
Neste

Gåvepremie