Øyrebetennelse


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


2215384832_c39a11d98d_o.jpg

Astrid Haugse og familien hadde vore på tur i første del av påsken. Dei kom tilbake til Kvinnherad utpå påskeafta. Astrid hadde fått ein grusom øyreverk, og sidan det var etter at dei nye legane var komne, køyrde dei innom helsesenteret då dei passerte Rosendal. Sidan det var påskeafta, håpa dei å finna ein lapp på døra med informasjon og nummeret til vakttelefonen, men der var ingenting. Dei hadde ikkje anna å gjera enn å prøva å få gamle dokter Haugen til å sjå på øyra. Han tok imot dei.

– Her er en stygg betennelse, sa han då han kika i øyra. Han tok fram ein skalpell og såg på Astrid.

– Hvor mange fødsler har De hatt?

– Tre.

– Ja, da toler De litt, sa han før han tok kniven og skar tre kutt. Deretter trekte han ut svineriet.

Etter at han var ferdig med operasjonen, fann han fram flaska med vaskesprit og slo inn i øyra.

– Vondt var det, men eg vart bra i øyra, avsluttar Astrid Haugse denne historia.

Forrige
Forrige

Vatn i kne

Neste
Neste

Ein høg og ein lang