Vatn i kne


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


ATTUNE-Knee-on-Bone-Image.jpg

Aud Sigrun Fausk hugsar også ein gong då Haugen kom på motorsykkel opp til heimen deira i Langgåt. Bakgrunnen for dokterbesøket, var at far til Aud Sigrun hadde fått vatn i kne.

Då han kom inn på kjøkenet, spurde han mora; «hvor er pasienten?»

Mora svara at ho trudde at han hadde tatt seg ein tur opp i eldhuset, så ho skulle gå og henta han.

– Nei, det er ikke nødvendig. Jeg går selv. Dermed var han ute av døra.

Aud Sigrun fortel òg at det alltid måtte vera klart eit vaskefat med varmt vatn når Haugen kom. Han var veldig nøye med å vaska nevane før han gjorde noko.

Forrige
Forrige

Ulike typar «medisin»

Neste
Neste

Øyrebetennelse