Ulike typar «medisin»


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


clay-banks-_wkd7XBRfU4-unsplash.jpg

Ein kar på Husnes feira rund dag. Det var kald vinter, og det var mange gjester. Stemningen var god, og litt fuktig var det òg. Nokre av karane tok turar ut for å lufta seg i den kalde vinterkvelden, nokre i berre skjortene. Dette resulterte i at ein av dei vart så skrekkeleg forkjøla etter festen.

Kona hans, som var av den slagferdige typen, ringte til Haugen i Rosendal. Ho forklarte situasjonen og håpa å få eit godt råd mot den grusomme forkjølinga.

– Gi ham noe varmt å drikke, var rådet frå dokteren.

– Juling skulle han hatt! svara kona.

– Ja, det også. Begge deler varmer, følgde Haugen opp.

Forrige
Forrige

Spedbarnskontroll

Neste
Neste

Vatn i kne