Spedbarnskontroll
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Astrid Tofte Helland budde på Opsanger då ho fekk det første barnet. Guten var liten og småbroten, og ho var til spedbarnskontroll på kontoret i Olderkjær sitt hus på Sunde. Etter veging, måling og dei faste prosedyrar såg han på guten og sa:
– Jeg syns du skulle vært pike, du som har så pen liten nese og munn.
Elles hugsar Astrid at Haugen var tilhengjar av at det skulle vera fleire barn i familiane. Dette viste seg også i denne kommentaren, som han kom med til mor hennar:
– Ett barn er vel ikke noe å skryte av.
Astrid hugsar òg at han likte den stille og rolege plassen der dei budde på Opsanger.
– Dette stedet er en lise for sjelen, sa han til mor hennar.
– Ja, det heiter Fredly, svara mora. Det namnet syntes Haugen passa svært godt.