I selskap i doktergarden


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Doktergarden5.jpg

Olga Sunde var ein gong i selskap i doktergarden i Rosendal. Det var yngstesonen Endre, som var litt eldre enn henne, som inviterte. Dei var ein gjeng ungdommar, men ikkje så mange, kanskje 5 – 6 i alt. Kitty Flatland (f. Guddal) var ei av gjestene. Då vi kontakta Kitty, hugsa ho òg same selskapet. Det var berre ho og Olga som var jenter, etter det Kitty hugsar, og dei syntes det var veldig artig og stor stas å bli inviterte i selskap i doktergarden.

Selskapet var i den store stova, der det var høgt under taket, og begge ser framleis for seg langborda der. Døtrene til dokter Haugen serverte, men korkje Kitty eller Olga hugsar i dag kva dei fekk å eta. Men så er det jammen mange år sidan òg!

Kanskje dei fekk duer?

Forrige
Forrige

På skikkeleg skogstur

Neste
Neste

Spedbarnskontroll