På skikkeleg skogstur
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Haugen hadde blitt tilkalla til ein pasient i Stussvik. Det var komne nye folk på eit småbruk der, og vegen gjekk ikkje heilt fram til bruket. Dokteren kom på motorsykkel, og hadde fått beskjed om å køyra så langt det gjekk an på vegen.
Då han kom køyrande gjennom skogen, såg han ein mann som dreiv og grov ei grøft. Han køyrde bort til mannen og spurde etter kor pasienten han skulle besøkja budde. Mannen peika på huset som låg eit stykke derifrå på andre sida av grøfta. Han hadde òg tenkt å forklara korleis Haugen måtte køyra for å koma fram dit.
Det fekk han ikkje tid til! Dokteren rygga litt, gav full gass og så hoppa han over grøfta og fòr av garde så skitspruten stod etter han.