I grøfta (igjen)


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


h-a-m-a-n-n-jW5dZsykMpw-unsplash-speilvendt.jpg

Dokter Haugen kunne også vera spydig til tider, men utan å vera ufin på noko vis. Det vert fortalt at ein gong han hadde køyrd i grøfta kom eit barnlaust ektepar forbi, det var lensmann Malmanger og kona. Dei stoppa og spurde om han trong hjelp.

Haugen var nok ikkje i sitt beste humør, for han svara:

– Nei takk, dere får gå hjem til barnene deres!

Om det spydige svaret kom av at han hadde eit anstrengt forhold til dei eller ikkje, kjenner vi ikkje til, men då kona til lensmannen vart enkje, vart ho nokre år seinare den andre kona til Haugen.

Forrige
Forrige

Sterke saker

Neste
Neste

På skikkeleg skogstur