Sterke saker
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Eitt av barna til Harald og Randi Erdal var blitt sjuk. På den tida budde dei på Bjørkevollen i nærleiken av bedehuset i Omvikdalen. Harald måtte til Rosendal for å få medisin til barnet. Han hugsar ikkje akkurat kva som feilte barnet, men det var litt seint på kvelden og Haugen hadde slutta av for dagen. Harald fekk kontakt med dokteren, men han verka litt rufsen så han hadde truleg alt lagt seg.
Hjelp fekk han. Dokteren blanda saman noko og sende barnefaren heim att med medisinen og instruks om korleis den skulle brukast. Harald følgde bruksanvisningen, og barnet roa seg og sovna.
Klokka fem neste morgon banka det på soveromsdøra til Randi og Harald Erdal. Det var Haugen som kom for å sjå til barnet som framleis sov.
– Det er ingen fare. Men han fikk litt sterkere medisiner enn han skulle hatt, fastslo dokteren, og dermed var alt under kontroll.