Huskjøp
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Haugen kasta ikkje vekk tida korkje når han var på legebesøk eller i andre samanhangar. Ikkje var han ein mann av mange unødvendige ord heller. Dette viste han også då han var interessert i å kjøpa eit hus i Rosendal. Det var eit stort og flott hus han ville kjøpa. I full fart kom han køyrande inn på tunet, og som alltid hadde han dårleg tid.
Han gjekk fort gjennom huset, og konklusjonen var kort og klar på typisk Haugen-vis:
– Mange ganger og trange dører. Femti tusen, ikke ett øre mer!
Det var alt som skulle til for å få handelen i boks. Kjapt og effektivt!