To fluger i ein smekk


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Då tvillingane Asle og Tore Soldal skulle ta førarkort, måtte dei som alle andre ha legeattest. Sidan dei to er fødde i 1958, var nok dette midt på 70-talet, altså 10 år etter at Haugen slutta av som distriktslege. Likevel var det han dei fekk time hos, og dei vart kalla inn på kontoret samstundes.

Dokteren undersøkte Tore først etter sine fast prosedyrar, raskt og effektivt. Alt var i «den skjønneste orden». Deretter kika han opp på broren og sa:

– Det er greitt! Dere er jo tvillinger.

Ei historie som er typisk for Haugen. Han kasta ikkje vekk tida. 

raquel-martinez-SQM0sS0htzw-unsplash.jpg
Forrige
Forrige

Akutthjelp etter skitur

Neste
Neste

Huskjøp