Han hadde langt hår


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Leif Ottar Tveito hugsar ei hending frå han var i ungdomsskulealder heilt først på 1970-talet. Han fekk tre julehøgtider «øydelagt» fordi han hamna til sengs med barnesjukdommar. Søstera var alltid den heldige som fekk dei før jul, og så vart resten smitta.

paloma-lamadreinspirada-TBmNnhIFDeg-unsplash.jpg

Tredje jula fekk Leif Ottar vannkoppar og far hans, Arne, fekk sjukdomen samtidig med sonen. Mora ringte til Haugen, som på den tida var privatpraktiserande lege og nærma seg 80 år. Sjølv om det var i jul, kom dokteren så fort han kunne.

På denne tida var langt hår blitt ein gutemote også i Uskedalen, og Leif Ottar hadde langt, lyst hår med nydelege krøller. Då dokteren kom, låg far og son på kvar si side i ei dobbelseng oppe i 2. etasje. Dokteren ensa ikkje faren, han var det visst ikkje så farleg med, han var meir oppteken av ungdommen med dei fine og lyse krøllene og kommenterte det slik:

– Hun der ser virkelig pen ut!

Truleg var han ikkje særleg begeistra for denne hårmoten på gutar, slik tilfellet var blant mange eldre på den tida.

Forrige
Forrige

Hans Gertz: Pensjonist med munnspel

Neste
Neste

Ikkje tid å venta!