Før og no

19. januar: Det snør. Eg kan vel ikkje seia at det lavar ned, men det ser ut til å vera nok til å dekka over der eg så grundig og møysommeleg strødde i går. Eg heldt på i over ein time og var godt fornøgd med meg sjølv… til inga nytte. Akk, ja.

Fjernsynet pratar om sitt, eg har augene på mobilen og mannen min sit ved pc-en på arbeidsrommet. Dette får meg til å tenkja: Kva i all verda gjorde me på før i tida, før det å glana i ein skjerm opptok store deler av tida vår? 

Tja. Då me var born? Då var beskjeden klar frå dei vaksne: «Ut og leik». Og me var ikkje vonde å be. Eg skal ikkje rekna opp alt det me gjorde, men me var i alle falk sysselsette heilt til mor ropte oss inn til kveldsmat. Men kva heldt me på me innomhus? Me hadde vel dokker og slikt, trur eg, i alle fall papirdokker, og me teikna.

Eg vart etter kvart ekspert på å framstilla fine damer, og dei var å finna både der eg hadde lov og der eg ikkje hadde lov. På blanke sider bak i bøker, på baksida av brev og konvoluttar. Akk ja, igjen. Og så spelte me kort. Far trong kortmakkarar, så me vart tidleg opplærde, både til casino og whist. Bøker høyrde med sjølvsagt, både til høgtlesing og å lesa i sjølve, når me vart store nok til det. Me var flittige låntakarar på Voss Folkeboksamling.

Hugsar du høyrespela i radioen? «Min min Mio» i laurdagsbarnetimen gjorde eit sterkt inntrykk, særleg den «onde ridder Kato»: «Jeg skal sitte i ro og fred og tenke onde tanker». I vaksenradioen handla det om «God aften, mitt navn er Cox» og «Dickie Dick Dickens». Og heile familien høyrde på «Jorden rundt på 80 dager» i radioteateret og då boka vart filmatisert, var familien på kino for fyrste og einaste gong.

Som vaksne fekk me vel ikkje fjernsyn før me hadde vore gifte i 5–6 år, så før den tid var det radio og bøker på fritida etter at Reidun var i seng. Berre me ikkje spelte tomannswhist òg? 

Og gjekk ikkje folk meir på besøk til kvarandre før? Eller dei berre stakk innom, utan ærend til og med? Me hadde i alle fall bollar i bakhand i frysen, hugsar eg. 

No skal eg vakta meg vel for å påstå at alt var så mykje betre før. Men at tida var annleis, det ser me vel alle.

Jorunn Toskedal

Forrige
Forrige

Mor sine dagbøker

Neste
Neste

Nok eit heimeår