Mor sine dagbøker

Mor skreiv 13 dagbøker i løpet av livet sitt, og hadde stor glede av det. Ho kommenterte blant anna at den amerikanske presidenten Carter trekte det kortaste strået, og at den mest 70 år gamle Reagan kom til å overta. Skal tru kva ho hadde sagt i dag, med ein president på snart 80!

Salhuskvintetten song i si tid om «Gryta hennar mor», ein populær slager i Ønskjekonserten på NRK. Songen har gjeve meg inspirasjon til å skriva denne vesle historien om dagbøkene til mor mi, Britanna (f. Nedrevåg 1910) frå Husnes.

Like sidan ho var lita jente hadde ho hatt planar om å skriva dagbok. Men det blei aldri noko av, skreiv ho då ho likevel endeleg kom i gang, vel 50 år gammal. I åra som følgde og fram til dei siste åra av livet sitt, skreiv ho i alt 13 bøker om laust og fast i Rosendal, ja, endåtil hendingar i inn- og utland tok ho med når ho ikkje hadde noko anna å skriva om.

Men det meste dreidde seg om familien, om suta for barn og barnebarn, om kven som kom på besøk og om strev for den daglege føda for seg og sine.

Mor skreiv om fødsel og dåp og noterte kven som døydde, om vêr og vind og om kva ho og far såg i fjernsynet hjå naboen før dei fekk råd til å kjøpa sin eigen TV. På denne måten fekk dei samtidig løfta blikket og følgja med på kva som skjedde ute i verda. Mordet på president Kennedy i 1963 og Sjaen av Iran sitt dødsfall i 1980, er til dømes omtalt i ei av bøkene. Ho hadde endåtil fått med seg at Sjaen vart jaga ut av landet sitt året før, og at han døydde av kreft.

– I Stortinget er der rot igjen, skreiv ho ein annan gong om meir heimlege rikspolitiske forhold. No er det noko frå EF-forhandlingane, som nokon påstår ikkje har gått rett for seg. Bratteli trippa av lyst til å fella Korvald, så mykje han sjøl får koma til makta. Men i kveld les vi i avisa at dei kan visst ikkje styrta Korvald, det er noko om eit rakettkjøp i Frankrike.

Refleksjonar over liv og død hadde òg ein naturleg plass i dagbøkene, og mor var ofte open, ærleg og svært personleg om mykje av det som skjedde både i familien og i bygda elles. I februar 1986 skreiv ho sine siste ord og la att boka for siste gang. Dei aller siste setningane handla om to barnebarn som var blitt sjuke. Bekymring for barn og barnebarn gjekk som ein raud tråd i alle dei tretten bøkene hennar. For meg har det vore både godt og interessant å få lesa om livet deira, slik det var.

Det som kjem fram i dagbøkene kan vera til ettertanke og refleksjon for oss etterkomarar, slik mi eiga bok, «Skimt frå livet og lokalsamfunnet gjennom 80 år» venteleg òg vil vera for dei som kjem etter meg.

Kristian Hus

Forrige
Forrige

Ny nettstad for populært turområde

Neste
Neste

Før og no