Ny nettstad for populært turområde
Fatlandskogen er namnet på det flotte skogområdet innover den tusen mål store skogeigedommen til Arne og Anna Gjerde på Fatland, sør på Halsnøy. No er det kome ei informativ nettside om deira nye prosjekt. Sida fortel om alt du kan sjå og oppleva når du besøkjer området, både sommar og vinter.
I Fatlandskogen har alle lov å gå tur, kan vi lesa på den nye nettsida, men berre til fots, er det presisert.
Området er delt inn i fem arenaer:
Raualøo, Skogstien, Fatlandsvatnet rundt, Gullhaug, Høgåsvegen. I tillegg kjem dei andre merka turløypene som du kan nå over søre del av øya, med utgangspunkt i Fatlandskogen.
Du finn den nye nettsida her