Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Snøstjerna

Det er greitt at vi får melding på dashbordet i bilen om at tanken snart er tom, at det er tid for neste service eller at bakdøra ikkje er skikkeleg lukka. Men det er eit anna symbol som irriterer meg grenselaust. Kvar dag det er mindre enn fire grader kjem det eit "pling" og eit snøsymbol fram.

For det første, snør det aldri ved fire grader pluss. For det andre, kan ein køyra på tørr asfalt heile veka, sjølv om det er minus fire. Eg sit med ei lita kjensle av at dette er leikestove for det eg kallar datanerdar. Dei plagar oss vanlege på mange felt i livet, men lat oss sleppa tøv som dette i ein bil vi har betalt altfor mykje for i utgongspunktet.

Det har absolutt ingen verdi å koma med eit slikt varsel når det i dei fleste tilfelle er villeiande. Greitt nok at ein skal vera aktsam når temperaturen nærmar seg null. Men dette er i røynda berre tull.

Vi er pålagde å ta synstest før vi får lov til å køyra bil, og då bør vi alle sjå om det snør eller om det er is på vegen. Skulle vi stola blindt på dette symbolet, måtte vi lista oss rundt i 40 km/t kvar gong vi blei varsla. Slik det er no registrerer vi varslinga med eit skuldertrekk. Altså har den ingen verdi.

Vekk med den!

Lars Jostein
17.12.14

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Trappesnakk

Eg er stort sett ein tolmodig mann. Men det er visse situasjonar i livet som set tolmodet mitt på prøve. Ein av dei er det eg her kallar «trappesnakk». Slik fortonar problemet seg:

Me har site i triveleg selskap i timevis, og preika om laust og fast. Me har eigentleg vore innom alle dei tema det har vore aktuelt å snakka om. Brann sin elendige sesong er det berre eg som har prøvd å bringa på banen. Emnet blir kvikt avvist med ei uvesentleg hending frå nabobygda.
Så er det tid for å gå heim, selskapet seier farvel, og får på seg yttertøyet. Det er då det skjer. Vel ute på trappa er det full stopp. Det dukkar plutseleg opp fleire emne, som ikkje har vore gjennomdiskuterte tidlegare i selskapet. Eg går kvilelaus omkring enten eg er vert eller gjest. Selskapet held det gåande med tomsnakk. Dei siste minuttane av samtalen går meg alltid «hus forbi».

Lars Jostein
15.12.14

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Om dongeribukser

Kånå synest eg er altfor sein med å fornya dongeribukseparken min. No har eg bøtt dei meir enn ein gong, seier ho. Du kan ikkje gå slik blant folk.

– Dongeribukser skal vera litt sunde, seier eg. Ubemidla tenåringar kjøper bukser til fleire tusen kroner som berre sleng rundt knehasane. Slik er moten no for tida.

Ei mor frå slekta til kona i Sogn hadde ikkje fått med seg dette, buksa til den vaksne sonen hang på klesnora mellom husa deira i all si fillete prakt. Å nei, tenkte ho. Eg kan ikkje la sonen min gå ut blant folk i ei slik ei. Kva vil dei tru om oppdraginga hans. Ho plukka stasen ned frå snora og fann fram symaskinen. Men den takka ho venta på etter utført arbeid, fekk ho aldri.

Dessutan har eg eit anna problem når det gjeld desse nymotens dongeribuksene. Nokon har funne ut at dei skal vera så korte i livet. Slik det er i dag, går eg å dreg i den forbaska buksa heile dagen. Problemet er berre at den centimeteren eg vinn oppe i linninga, har ein lei tendens til å gnaga seg inn der vi mannfolk har litt meire enn jentene.

Så er det berre å lura på seg dei gamle buksene så lenge det går, og kryssa fingrar for at Arne og Geir Inge på You Who også går leie av gnag på hoftepartiet og skaffar oss bukser vi kan gå i!

Lars Jostein
08.12.14

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Hårprakt

I det siste har det dukka opp ein ny mote som ikkje kan forbigåast i det stille. Fleire og fleire unggutar kjem med ein hårsveis der dei klipper seg snaue frå halsen og til langt over øyrene, for så å dyrka ei fyldig og fin såte på toppen.

Dei kan då ikkje demonstrativt gå rundt slik, og halda oss godt vaksne herrar for narr. Her har me i alle år teke vare på hårprakten vår på ymse vis. Alt frå brylkrem-styling i ungdommen, til gelé i litt vaksnare alder. Etter kvart må me med ei viss vemod vedgå at det blir mindre og mindre å styla, særleg til lengre ein kjem opp mot toppen.

For å feia noko av komplekset vårt tilside, så har me sagt at me veks gjennom håret.

No går desse jyplingane rundt og hoverer over oss som ikkje har ein sjanse til å kopiera dette nymotens påfunnet. Men i grunnen tek eg det heile med stoisk ro. Før eller seinare vil også dei møta livets harde realitetar, og gå rundt med det som ein gong blei kalla Netcom-sveis. Altså berre delvis dekning!

Lars Jostein Rørvik
05.12.14

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Hellandselva

Ho kjem ned lia
I den kvite kjolen sin
Stundom slank
Så ho blir borte i furuskogen
Ofte brei og buldrande
Før ho legg seg til kvile
I det store vatnet

Lars Jostein Rørvik

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Adventstid

No kjem den salige adventstid
Det tennest lys og kona er blid
Til butikkane går me i samla flokk
Frå minstemann til den gamle med stokk.

Du ser kven det er som har festa grep
Kona føre med mannen på slep
Vi stimlar saman i kjøperus
Og smyg rundt hinder som Lasse Kjus.

Det yrer rundt både krambu og torg
Med hovudet djupt i ei tilbodskorg
Står naboen med eit salig glis
Han har funne noko til tilbodspris.

Vi tel ned dagar til julekveld
Og satsar på at helsa held
Når ribbelukt fyller kjøken og gong
Då skal me syngja ein julasong.

Lars Jostein Rørvik
29.11.14

Les mer