– Kanskje litt skræmande, men ikkje noko vondt i han!
Solveig Hopen (biletet) dreiv landhandel på Fjelberg frå 1969 til 1974, og minnest enno godt Tjerand Aske. Sjølv om denne småbrukaren, fiskaren og eventyraren frå Borgundøy kanskje kunne virka litt skræmande på dei som ikkje kjende han, var det ikkje noko vondt i han. Men bestemte meiningar om mangt og mykje hadde han, seier den tidlegare butikkeigaren på Fjelberg. Til dømes var Aske sterkt engasjert under EF-kampen i 1972, og meinte at folk måtte røysta nei til unionen.
Kjøp boka som PDF her:
Midt på vinteren i 1931 sykla Tjerand Aske (1906–1976) over Folgefonna, ei historie mange av oss har høyrt opp gjennom tidene. Men forteljinga om eventyraren og hardhausen frå Borgundøy i Kvinnherad har endå fleire sider – både på godt og vondt.
Historia om Tjerand Aske er også forteljinga om ein kunnskapsrik og uvanleg småbrukar som filosoferte mykje over meininga med livet, men som til slutt ikkje klarte å halda styr på seg sjølv og det vesle gardsbruket sitt. Nokre dagar etter han fylte 70 år, døydde han brått på gata i Oslo.
Denne boka er i stor grad bygd på samtalar med folk som hugsar eventyraren frå Borgundøy, forutan at forfattaren har funne opplysningar om han i offentlege skriv og dokument. Historia om Tjerand Aske er både vemodig og gripande.
Dette er Kristian Hus si tredje bok, som kom i 2018 i 500 eksemplar. Den fysiske boka er utseld, men no er ho tilgjengeleg digitalt. Boka blir levert som nedlastbar PDF.