Kommuneval
Det er med vemod eg må skriva ein slags nekrolog over ein stad, som er lagt i stabilt sideleie. Tysdag morgon kunne me, med stor sorg, konstatera at nabobygda var den politiske døden nær.
Eldreomsorg
Denne fredagen stikk eg fingrane inn i eit vepsebol, eller eldreomsorg som det heiter i Kvinnherad.
Jul i juli
Jul i juli bør vera ei passande overskrift i dag. Det er ikkje lett å skjøna kva årstid me er i. Rett nok er det lysare enn vintersdagen, men temperaturen gjer at Kvinnherad Energi sopar inn pengar, som om det skulle vera ved juletider. Sjølv handelsstanden er komen i tvil om årstida.
Musikk eller nyhende?
Denne fredagen kjem nok ein sur kommentar frå ein gammal gretten gubbe. Og det er dei moderne medieaktørane som skal få det, nok ein gong.
Meir om kvinnfolk
Førre fredag var det mykje snakk om kvinnfolk, til dels av det brutale slaget. I den samanheng har eg lurt på kvifor dei fleste uvêr er kalla opp etter jenter.
Gjerandslaus og nyttelaus
Fredagkommentaren denne veka kom til i ei gjerandslaus stund under ein parasoll i 28 varmegrader.
Russarar og trøndarar, same slag
Middelhavets bølgjer ventar om ikkje så lenge. Difor er det greit å mimra litt på ein fredag: Å liggja på ei solseng i «Syden» bør kvalifisera til ei halvårseining i sosialantropologi. Ulike språk og varierande framferd utvidar bestemt horisonten vår.
Alltid for seint!
Denne gongen har eg tenkt å lufta eit vanleg, men likevel forunderleg fenomen.
Uhøveleg framferd
Det må vera lov å irritera seg over eitt og anna, sjølv på ein fredag. Her i Rørvikjå har me alltid vore i fremste rekkje når det gjeld sømeleg framferd. Og no nærmar eg meg poenget.
Om vekking
No er neste tur til Middelhavet bestilt. Det er berre å finna ein sikker måte å bli vekt på: Når me skal ut og reisa, likar me å ha fleire vekkingsalternativ. I fjor sa den gamle og trufaste vekkeklokka takk for seg.
God påske!
Nå livnar det til i buskar og kratt,
knoppane sprett, blomane blømer,
klokkene ringjer i by og i bygd
i feirande stillhet, vår påsketid.
Inga trøyst å få!
Når fredagsspaltisten i lokalavisa let seg inspirera av ein nyss utkomen film og bevegar seg inn på soveromet, så kan vel skuggen hans her på Skimtvis gjera det same.
Fredagskommentar
Fredagskommentaren i dag er eit gammalt produkt. Ein skal vera forsiktig med politiske kommentarar her på Skimtvis, men i denne kommentaren kan eg skulda litt på at ende-rimet må klaffa.
Trappesnakk
Det er fredag og tid for refleksjonar. Eg er stort sett ein tolmodig mann. Men det er visse situasjonar i livet som set tolmodet mitt på prøve. Ein av dei er det eg her kallar «trappesnakk».
Om fotball – og mangel på interesse
Eg har kjekke born, grei og snill kone og annan omgangskrins rundt meg. Me møtest både i kvardag og fest. Ja, me møtest til dei mest utrulege tider. Og no er eg snart ved poenget.
Duppedittar
Kva i all verda skal vi vanlege menneske gjera på i framtida. Dei klokaste (datanerdane) av oss brukar all si tid til å finna på ting som gjer at vi andre ikkje skal bruka tida vår på å utføra praktiske trivielle ting. Heretter skal vi berre kasta bort time etter time for å finna ut korleis ein elektronisk duppeditt fungerer, slik at vi skal sleppa å utføra dei praktiske oppgåvene vi i generasjonar har funne meire eller mindre meiningsfulle.
Telefon med veteran-status
Fredagskommentaren denne veka kan tolkast slik at alt var betre før i tida, noko som sikkert òg kan seiast om opphavsmannen: Saka er nemleg den at opp til fleire gonger i veka kjem eg i ein situasjon som gjer meg brydd.
Ein fjern draum
Fredagskommentaren denne veka tek føre seg eit velkjent fenomen: I ei årrekkje har kona og eg møtt førstnemnde sine kvinnelege søskenbarn til ei triveleg førjulshelg med handel og kulturopplevingar i Bergen. Dei har også med partnarane sine, og me mannfolka prøver å finna meir kulinariske aktivitetar enn damene på dagtid.