Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Gjerandslaus og nyttelaus

Fredagkommentaren denne veka kom til i ei gjerandslaus stund under ein parasoll i 28 varmegrader.

Det er snart ikkje att eit einaste område der me gammaldagse handymennene kan praktisera kunstene våre. Moderne innretningar gjer at sjølv den største «treneve» klarar seg sjølv. Hitt året måtte eg assistera hjelpelause «jomfruer» og klønete kontoristar når dei skulle få parasollane sine til å stå imot ein liflig Middelhavsbris.

Men trur de ikkje at det no var montert ein innretning der det berre var å setja parasollstanga ned i eit røyr i sanden. Der låg eg og kjende meg gjerandslaus og nyttelaus. Godt er det då å vita at ein har ei kone som har planar for både det eine og hitt når ein kjem heim frå dette slaraffenlivet.

Lars Jostein
29.05.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Russarar og trøndarar, same slag

Middelhavets bølgjer ventar om ikkje så lenge. Difor er det greit å mimra litt på ein fredag:

Å liggja på ei solseng i «Syden» bør kvalifisera til ei halvårseining i sosialantropologi. Ulike språk og varierande framferd utvidar bestemt horisonten vår.

I ei veke hadde me vore omringa av russarar. Dei skravla høglytt seg imellom utan at me skjøna orda, men faktene gav inntrykk av at det var alvorlege ting dei hadde føre seg.

Så ein dag var dei borte. I staden strøymde ei «busslast» med trøndarar inn på stranda. Etter at dei hadde nytta tida vel i strandbaren ein times tid, var det stort sett det same om det var dei eller russarane som heldt oss med selskap. For ein ustudert vestlending er russisk eller trøndersk med ein i promille stort sett det same, så me fortsette med boka vår som om ingnting hadde hendt.
Denne gongen har me for sikkerhets skuld teke med oss to av arten (trøndarar, altså), slik at me kan få beskjed dersom nokon frå landsdelen deira snakkar stygt om Brann!

Lars Jostein
17.04.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Alltid for seint!

Denne gongen har eg tenkt å lufta eit vanleg, men likevel forunderleg fenomen. Høyr berre her:
Nokre av oss, ja, det er stort sett dei same heile tida, klarer aldri å vera presise når dei skal møta nokon stad, enten det gjeld private samkome eller møte i eit eller anna lag. Du veit at dei kjem, men klokka blir alltid fem eller 10 minuttar etter avtalt tid.

Det er då eg lurer. Dei hadde mest sannsynleg også sagt ja til å koma dersom innbydinga eller innkallinga til møtet hadde vore ein time tidlegare. Då er spørsmålet, som kan vera verd i nærleiken av tusen kroner: Kva i all verda har dei det så travelt med denne timen, der dei likevel kunne vore tilstades, som gjer at dei ikkje klarer å møta presis ein time seinare?

Lars Jostein
13.04.15.

Les mer
Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Uhøveleg framferd

Det må vera lov å irritera seg over eitt og anna, sjølv på ein fredag. Her i Rørvikjå har me alltid vore i fremste rekkje når det gjeld sømeleg framferd. Og no nærmar eg meg poenget. 

Det er nyhendeformidlarane på fjernsynet eg har «ei høne å plukka med». Dei har lagt seg til den uvanen å stå når dei kjem inn i stova vår med nyhenda sine. Ja, dei fer til og med og travar rundt på studiogolvet med eit papir i neven. Hadde nokon oppført seg slik i ein møblert heim vest for Kaldestad hadde dei fått beskjed om å setja seg ned øyeblikkeleg. 

Ikkje er det berre uhøveleg framferd. Det tek fokuset bort frå bodskapen dei skal formidla. Me kan gå glipp av at Putin annekterer nok eit land,eller at Brann tilfeldigvis skulle vinna ein treningskamp i fotball, medan me er opptekne av å studera leggene til Lisbeth Skei eller buksepressen til Arill Riise.

Lars Jostein
20.03.15

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Om vekking

No er neste tur til Middelhavet bestilt. Det er berre å finna ein sikker måte å bli vekt på: Når me skal ut og reisa, likar me å ha fleire vekkingsalternativ. I fjor sa den gamle og trufaste vekkeklokka takk for seg.

– Eg vil ikkje ha ei slik digital ei, sa eg. Me klarar aldri å programmera henne.
Som sagt, så gjort. Det nye mekaniske uret kom på nattbordet. No skulle vekking aldri bli nødvendig! Urverket bråka som ein trommeslagar på 60-talet. Resultatet var at søvnen aldri kom. Det var aldri fare for å forsova seg.

– Me kjøper ei digital ei, slik at du ikkje blir forstyrra, sa kona.

Problemet er berre at nokre luringar har putta ei mengd med funksjonar utanom vekking på dette "vidunderet", og dei som skriv brukarrettleiinga lever på ein annan planet enn oss. Men ho gjer faktisk jobben sin denne også, og vel så det. No ligg eg vaken heile natta og ventar på om alarmen verkeleg kjem på det tidspunktet me trur han er innstilt på.

Lars Jostein
på fredag den 13.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Inga trøyst å få!

Når fredagsspaltisten i lokalavisa let seg inspirera av ein nyss utkomen film og bevegar seg inn på soveromet, så kan vel skuggen hans her på Skimtvis gjera det same. Her er bakgrunnen for det: 

Hi natta vakna eg med hosterier og skjelvande kropp. Eg måtte nærast halda meg fast i senga for ikkje å detta på golvet. Eg venta ei visss form for medkjensle i denne situasjonen. Men då termometeret kom fram ein gong på morgonkvisten var det inga trøyst å få. 39 grader er då ikkje mykje for ein vaksen mann, var kommentaren frå ho som føretok avlesinga!

Tenk deg, når desse småjevlane skal varma opp ein vaksen kropp nærare to grader, og det med ein BMI på opp mot 30, prøvde eg meg med skodespelarmine: – Då er det ikkje nett svakstraum dei nyttar seg av.

Eg er ikkje sikker på om det kom nokre trøystande ord frå «hjelpepleiaren», medan eg såg ho forsvinna ut døra.

Lars Jostein
20. februar 2015

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Fredagskommentar

Fredagskommentaren i dag er eit gammalt produkt. Ein skal vera forsiktig med politiske kommentarar her på Skimtvis, men i denne kommentaren kan eg skulda litt på at ende-rimet må klaffa:

I nærare 20 år sykla eg til jobben på SØRAL. På slike turar gjer ein seg mange slags tankar. I ein periode blei eg forbikjørt av ein ungdom i ein skinande BMW. Det var ein doning eg berre kunne drøyma om på det tidspunktet i livet mitt. Kanskje var eg fordomsfull, eller litt misunneleg når dette gav meg inspirasjon til følgjande limerick:

Han var klar før eg hadde skifta til arbeidstøy.
Ein ungdom på knapt 23
Fer forbi i sin grå BMW
Klagar staten tek alt
Knapt til grauten har salt
Derfor stemmer han på FrP.

Lars Jostein
6. februar 2015.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Trappesnakk

Det er fredag og tid for refleksjonar. Eg er stort sett ein tolmodig mann. Men det er visse situasjonar i livet som set tolmodet mitt på prøve. Ein av dei er det eg her kallar «trappesnakk».

Slik fortonar problemet seg:

Me har site i triveleg selskap i timevis, og preika om laust og fast. Brann sin elendige fjorårssesong er det berre eg som har prøvd å bringa på banen. Emnet blir kvikt avvist med ei uvesentleg hending frå nabobygda. Så er det tid å gå heim, selskapet seier farvel, og får på seg yttertøyet. Det er då det skjer. 

Vel ute på trappa er det full stopp. Det dukkar plutseleg opp fleire emne som ikkje har vore gjennomdiskuterte tidlegare i selskapet. Eg går kvilelaus omkring enten eg er vert eller gjest. Til slutt kjem eg på det forløysande ordet.

– Eg trur ovnen held på å slokna.

Lars Jostein
30. januar 2015.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Om fotball – og mangel på interesse

Eg har kjekke born, grei og snill kone og annan omgangskrins rundt meg. Me møtest både i kvardag og fest. Ja, me møtest til dei mest utrulege tider. Og no er eg snart ved poenget.

Mest alle dei eg har nemnt ovanfor lir av same «sjukdommen». Dei er nemleg ikkje interesserte i fotball! Dette kan føra til dei forunderlegaste situasjonar i heimen vår. Her har eg ofte gått med magasug og småskjelving i dagevis, og venta på at klokka skulle bli 18.00 på søndagane. Så plutseleg ringjer det på døra, og inn kjem ein eller annan av desse eg før har nemnt. Dei lest som ingenting, eller så er dei heilt desorienterte. Stikk nasa innom fjernsynsstova og spør. Er det fotballkamp?

Fotballkamp, for søren! Det er ikkje berre ein fotballkamp. Her har eg lada opp, prøvd å få kvilepulsen ned i 100, og så kjem spørsmålet som får han opp att i 120. Det er Brann som spelar, seier eg. Laget med stor L. Dei forstår ikkje problemstillinga, ruslar inn til kaffibordet som om ingenting hender.

Eg må innrømma at det er med ein viss motvilje eg beundrar denne ignoransen for eit av dei viktigaste tinga i livet.

Lars Jostein
28.01.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Duppedittar

Kva i all verda skal vi vanlege menneske gjera på i framtida. Dei klokaste (datanerdane) av oss brukar all si tid til å finna på ting som gjer at vi andre ikkje skal bruka tida vår på å utføra praktiske trivielle ting. Heretter skal vi berre kasta bort time etter time for å finna ut korleis ein elektronisk duppeditt fungerer, slik at vi skal sleppa å utføra dei praktiske oppgåvene vi i generasjonar har funne meire eller mindre meiningsfulle.

Kva skal vi bruka hjernen vår til, når vi har brukt all vår energi til å setja oss inn i brukarrettleiingar til meir eller mindre unyttige dingsar. Eg les til dømes her om dagen at Wolkswagen no skal ha skiltgjenkjenning på displayet på dashbordet. Vi kan snart berre sitja og «sløva» i bilen, og ikkje eingong følgja med på det som går føre seg rundt oss.

Kunne ikkje desse kloke hovuda brukt fantasien sin til forbetringar som kjem dei vanskelegstilte i verda til gode? Kanskje den oppgåva blir for komplisert. Lat i alle fall oss vanlege folk få halda fram med å utføra praktiske oppgåver i kvardagen. Korleis skal vi elles klara oss når elektronikken sviktar?

Lars Jostein
22.01.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Telefon med veteran-status

Fredagskommentaren denne veka kan tolkast slik at alt var betre før i tida, noko som sikkert òg kan seiast om opphavsmannen:

Saka er nemleg den at opp til fleire gonger i veka kjem eg i ein situasjon som gjer meg brydd. Og det er ikkje i dei situasjonane der kona meiner eg burde halda ein «lågare profil». Nei, det er kvar gong eg må ta fram mobiltelefonen min problemet dukkar opp. Og då snakkar eg om telefon, ikkje multiverktøyet som er allemannseige i dag.

Me er ein eksklusiv klubb, stort sett beståande av godt vaksne menn, som tviheld på at mobilen skal brukast til samtale og SMS. Me hoppar bukk over alt frå Iphone 1 til Iphone 6. No går eg berre og ventar på at den gamle slitaren skal få veteranstatus. Mange køyrer rundt i veteranbil med nasen i sky, og er krye av doningen sin. Om nokre år kan også eg med stolthet fortelja, når nokon spør meg kva mobil eg brukar, at jo, det er ein Nokia 1200, 2007-modell. Den har eit batteri som varer i ei veke, og alle deler er originale.

Lars Jostein
16.01.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Ein fjern draum

Fredagskommentaren denne veka tek føre seg eit velkjent fenomen:

I ei årrekkje har kona og eg møtt førstnemnde sine kvinnelege søskenbarn til ei triveleg førjulshelg med handel og kulturopplevingar i Bergen. Dei har også med partnarane sine, og me mannfolka prøver å finna meir kulinariske aktivitetar enn damene på dagtid. 

Sist førjulshelg – etter inntak av ei dryg skei med anna enn Møllers tran – fekk ei av damene det for seg at det kunne bli vel mykje handling. Det enda med ein samstemmig lovnad om å kjøpa berre ti klesplagg kvar det neste året. Det høyrdest enkelt ut ein laurdagskveld i godt lag, men no ryktast det på sosiale mediar at målet berre blir ein fjern draum. 

Uimotståelege tilbod frå sleske manufakturseljarar blir for freistande for den som ønskjer å ta seg godt ut. No føreslår eg at me mannfolk vel ein kompetent representant blant oss og riggar til eit skrifterom ved neste møte. Så kan dei som har dårleg samvit koma i all løynd og vedkjenna syndene sine.

Eg er redd det blir hardkjør for skriftefaderen.

Lars Jostein
13. januar 2015

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Framtidshuset

Framtida er det intelligente huset. Du høyrer kva eg seier! Eg snakkar ikkje om den intelligente bebuaren. Nei, det er lampar, gardiner, TV og dørar eg snakkar om. Dei skal i framtida lyda ein mobiltelefon eller eit nettbrett.

Det blir brått slutt på nennsom berøring frå husets frue eller herre. No skal dei alle motta kalde kommandoar frå ein anonym avsendar. Eg synest eg ser framtida i eit hus eg kjenner på nært hald. Husets herre går kvilelaust omkring og leitar etter apparaturen som får dører til å opnast og vindauge til å lukka. Så kjem eg i tankar om kva etterkomarane vil kunna.

Blir det slutt på kunnskapen å opna ei dør, eller slå på lyset når kveldsmørkret senkar seg?

Lars Jostein
12.01.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Setebelte

Sjølv om eg var ganske vaksen før eg fekk meg bil, har eg praktisert køyrekunsten i så mange år no at eg bør ha rett til å koma med nokre kritiske merknader til desse moderne køyretøya.

Det er først og fremst desse symbola på dashbordet, og pipelydane som følgjer med, som irriterer meg. Dersom ein er så syndig og ventar ein augneblink før ein festar setebeltet, så blinkar det besett, og pip noko inn i granskogen. Det er jo påbudt å ha på seg belte, må vita. Ein får bot om ein gløymer det. Det er det første ein lærer på køyreskulen.

Slike sjølvsagte ting vil eg ha meg fråbedd å bli plaga med! Kva er det bilprodusentane tenkjer om oss. Veit dei ikkje at vi er tenkjande menneske?

Du kjem til dømes frå butikken ein dag, og har handla posen full, slengjer han på setet ved sida av deg, tek på bilbeltet og køyrer glad avstad. Kva skjer? Jo, då pip den hersens varslaren for nabosetet, der du har plassert ein pakke kotelettar, litt kjøtpålegg og ein liter mjølk.

Ja, det er heilt greit at eit kjøtstykke får beskjed om å ta på seg setebeltet. Men eg som tenkjande menneske, vil ha uvesenet fjerna fortast mogleg.

Lars Jostein
12.01.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Transport

No legg kloke menn og kvinner verda rundt hovuda sine i bløyt for å gjera bilkøyringa vår enklare. I framtida, seier dei, skal ein kunna setja seg i baksetet på sin eigen bil, be han køyra deg heim, og du kan trygt ta deg «ein liten ein», før du startar heimturen.

Dette har me i Røyrvika venta på i årevis. Skal me ha oss ein kosekveld på eit av dei velrennomerte etablissementa i tettstaden vår, blir me på det næraste ruinerte berre for å koma oss heim om natta.

Me er litt misunnlege på forfedrene våre. Etter eit triveleg lag i nabobygda kunne dei berre velta seg over hesteryggen eller i møkakjerra, og hesten tok dei trygt heim att. Prinsippet til datanerdane er altså hundrevis av år gammalt.

Men ein ting maktar ikkje desse nye oppfinnarane. Dei klarar ikkje å laga pålegg av framkomstmiddelet når det blir gammalt og utslite.

Lars Jostein
11.01.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Ein tur innom banken

Hin dagen hadde eg ei merkeleg oppleving. Å kalla det ei «nær døden»-oppleving, er vel å gå for langt, men at det er døden for banktilbodet vårt, vil eg sterkt vurdera å kalla ei sanning. 

På grunn av visse omstende var det slik at eg forvilla meg inn i eit banklokale på det lokale senteret. Det må vera minst eitt år sidan eg har gjort ei slik formasteleg handling. 

Vel inne i lokalet leita eg etter den gamle kølappmaskina. Seinare skjøna eg at noko slik innretning var heilt uinteressant i denne samanhengen. Eg blei ståande midt på golvet rådlaus. Ingen var å sjå bak skranken der eg hadde håpa å få hjelp. 

Etter kvart dukka det opp nokon eg kjenner. Me blei ståande og preika der midt i lokalet, medan banktilsette surra rundt oss utan å visa den minste interesse for om me hadde eit ærend å utføra. 

Eit kvarter gjekk. Me hadde ein triveleg samtale der på golvet. Nokre minuttar seinare hadde eg fått nok. Eg tok med meg papira mine og rusla ut i desemberkulda.

Lars Jostein
04.01.15

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Tilbodskaos

Eg veit at eg vandrar på tynn is no, og den ligg heller ikkje over grunt vatn. Forskinga mi byggjer på litt manglande talmateriale, men resultata er så eintydande at dei likevel bør vurderast med den største respekt.

Det har seg slik at eg har halde meg i lag med ein gjeng firbeinte, ullkledde skapningar dei siste dagane. Det var på høg tid å saga ned askerydningar i nærleiken av huset vårt, for å få tilbake den fantastiske fjordutsikten. Desse skapningane hadde beitet sitt på bakkane der eg arbeidde.

Sauer er ålreite dyr, seiest det, og det er desse tobeinte i høgaste grad også i sine beste stunder.
Det er når dei båe får teften av gode tilbod at dei endrar karakter og «går ut av sitt gode skinn».
I det askegreinene ramla i bakken var flokken der på ein blunk. Dei første tok ein bit, så vassa dei over lauvhaugen i jakta på noko som kunne vera endå betre. Det var då det slo meg at eg hadde sett slik framferd tidlegare. Utanfor manufakturbutikken som har annonsert storsal, står det ein kø av spente kundar. (les: damer). I det same dørene opnar stormar alle fram for å vera først til det første stativet. Når dette er overfladisk rota til, slik at andre knapt finn fram i rotet, er det i full galopp til neste.

Lars Jostein
26.12.14.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Jul

Det nærmar seg jul
Englar frå skjul
Julahandel
Graut og mandel
Søte og fine
Små mandarine
Fiken og dadle
Og presanga te adle
Ut i terrenge’
Om ikkje så lenge
Julatre
Hogga di ne
Rundt novo
Inn i stovo
Pynta og fjelga
Te julehelga
Setta seg ne’
Nypynta tre
Førjulskos
Tende ljos
Nippa te brusen
Så kjeme pusen
Vesle pjusken
Byksa i busken
Pusen i ras
Kuler i knas
Han e’ høgt i toppen
Kattakroppen
Den blanke stjerna
Vart enkelt fjerna
Så vert eg bus
Ut med deg Pus
Så å lya
Di kattaslya
Han e sprelsk så ei hysa
Blant juletrelysa
Pusen, den heidningen
Bite i leidningen
Ein lysande katt
På 1000 watt
Bukta og vreid seg
Bartane svei seg
Strauk på dør
Urven og ør
Med bustete ragg
Og norske flagg
Snipp snapp snute
Pusen e’ ute
Det e’ jul i Norge

Arne Torge’

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Datatrøbbel

Det er ein ting som er opplest og vedteke. Me må ha ein datamaskin eller mobiltelefon for å kunna fungera nokolunde normalt i tilværet. Ikkje nok med at me må ha ein av desse «duppedittane». Nei, me må oppdatera dei med ganske korte mellomrom for at dei skal fungera.

Eg har vore gjennom Windows 95, 98, XP.Wista, 7, 8, og no 8-1, og det var då eg oppgraderte siste gongen at eg oppdaga noko forunderleg. Eg skulle opna «mine dokumenter» i det nye systemet. Kva ser eg? Filene var ordna akkurat slik som dei var i 95-versjonen for 20 år sidan!

Kvifor i helsike har problemskaparen Windows drive og trøbla med meg alle desse åra, for så å finna ut at det dei gjorde i førre århundre var det smartaste?

No vil sikkert ein betrevitar seia at slik kunne du hatt det i alle år, dersom du hadde trykt på dei rette tastane. Men no er det slik at eg føyer meg lojalt etter det som systemskaparane legg i hendene mine. Eg tek det for god fisk dei dei seier om at alle forandringar er forbetringar.

Dei møter tydelegvis veggen av og til, dei også!

Lars Jostein
19.12.14

Les mer