Skimtvis.no – Smått og stort frå og rundt Kvinnherad
Aktuelle innlegg
Søk på Skimtvis:
Aktuelle bøker frå Skimtvis
Alle bøkene frå Skimtvis kan kjøpast hos Rosendal Bok og Norli bokhandel i Husnes storsenter. Om det er enklare for deg kan du også tinga bøkene rett frå forlaget.
Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år
Forfattar Lars Jostein Rørvik (f. 1948) dokumenterer i denne boka pop-, rock-, jazz- og dansemusikk i Kvinnherad frå tidleg 1960-tal og fram til i dag. Over 200 band og artistar er omtalte frå denne musikalsk sterke regionen.
Pris: 429,–
Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2023. Del 1.
Boka for deg som er interessert i lokal kystkultur og fiske- og fraktebåtar i dette området frå 1900-talet og fram til i dag. 150 båtar er omtalt i alfabetisk rekkefølgje, i tillegg til mange reportasjar og intervju med folk som har vore knytte til fiske og transport med ulike fartøy i alle år. Det finst mykje anna historisk materiale i boka også.
Pris: 449,–
Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2024. Del 2.
Andre del i bøkene om lokal kystkultur og fiske- og fraktebåtar i dette området frå 1900-talet og fram til i dag. Mange båtar er omtalt i alfabetisk rekkefølgje, i tillegg til reportasjar og intervju med folk som har vore knytte til fiske og transport med ulike fartøy i alle år. Det finst mykje anna historisk materiale i boka også.
Pris: 480,–
Prestegardsminne – Forteljingar frå barndomsår på og rundt Malmanger prestegard
Tre prestebarn fortel om tida si på garden. Knut Gunnar Sellevold og søskena Magne Medhus og Sigrid Margrethe Medhus Isaksen minnest dagleglivet i heimen og i bygda rundt, samfunnsendringar, krigen, kyrkjekampen, vitjingar og feiringar.
Pris: 389,–