Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Rett antrekk

Det er mykje nyttig ein kan læra ved å følgja med på frukost-TV, eller skulefjernsyn for pensjonistar, som eg vil kalla det.

Her ein dag dukka det t. d. opp to entusiastiske damer, som hadde funne ein heilt nødvendig "app" som skal hjelpa oss til å velja rett antrekk i ei hastig morgonstund. Denne kjem eg sporenstriks til å nytta meg av.

I klesskapet mitt finst blant anna konfirmasjonsdress, brudgomsdress, kvitskjorter i «slim fit», 3 – 5 år gamle dongeribukser, ein haug med T-skjorter kjøpt under mild tvang i Syden, og ei og anna trøye. Meir enn nok til å laga kaos av.

Verre er det for den kvinnelege delen av husstanden. Der i garden er omkvedet at «…eg har ingenting å ha på meg», når me skal ut på eit eller anna. Det kan eg ikkje skjøna. Damene på fjernsynet sa at det gjennomsnittleg finst 61 plagg i ei kvar kvinne sin garderobe.

Lars Jostein
2. september 2016

Les mer
Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Eit glad-nyhende

Denne fredagen har eg eit gladnyhende til alle i nabolaget. Utan at de har visst om det, har det vandra medlemer av ein eksklusiv klubb blant dykk. Underteikna og hans betre halvdel er nemleg blant dei to prosenta her i landet som aldri har vore i Sverige!

Me fekk meldinga over riksdekkande TV denne veka. No satsar me på at ei kort mellomlanding på den internasjonale delen av Arlanda den 17. september 1999 ikkje stikk kjeppar i hjula for medlemskapet.

Lars Jostein
10. juni 2016

Les mer
Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Farvel til ein ven

Alt har si tid, seiest det. Denne veka måtte eg seia farvel til ein gammal og trufast ven. Han var ikkje av dei smartaste, men han var snill og grei, og gjorde stort sett det eg bad han om. Han heldt meg i kontakt med omverda både i skrift og tale.
Etter kvart hadde han fått skavankar så vel fysisk som i indre organ. Det var på tide at han fekk avløysing. Så no er det komen ein smarting med namnet «Samsung» i hans stad. Han ligg og breier seg på stovebordet med sin fem tommars skjerm.
Det blir nok ein del «samsurium» før han vil gjera det eg ber han om.

Lars Jostein
8. april 2016

Les mer