Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Takk for innsatsen!

Vel overstått nasjonaldag. Eg gjekk ikkje i tog, og ikkje høyrde eg tale for dagen. Eg såg knapt nok kongen på balkongen! Veit ikkje om eg høyrde «Ja, vi elsker» ein gong. Likevel hadde eg ein svært så triveleg dag saman med kjende og kjære. Så kvifor har eg litt dårleg samvit då? Eg trur eg veit det. Det er fordi eg ikkje «stiller opp». Her vert det laga til 17. mai-høgtiding i kvar ei bygd. Det vert pynta og fjelga på førehand, kjøkengjengen lagar mat i dungevis og serverer, og is, pølser og brus vert selde. Kor og korps fartar mellom bygdene og 17. mai-toga, talarar har sveitta på førehand for å få spøta saman nokre velvalde ord, og leikar vert arrangerte.
Og når festen er omme skal det ryddast og vaskast. Ein kjempeinnsats av frivillige. Og så stiller ikkje eg opp! Eg har teke min del både av tillaging, potetskrelling, pynting og taling, eg òg, det er ikkje det. Men tenk om ingen hadde kome? Det ville bli trist, det. Kanskje bør eg gå nokre rundar med meg sjølv til neste 17. mai? I alle fall: Takk til alle i dugnadsgjengar og i korps og kor, som lagar nasjonaldagar rundt om i bygdene våre. Heider og ros til dykk!

Jorunn Toskedal
18.05.17.

Les mer
Lyd Kristian Hus Lyd Kristian Hus

Trygve Haugland: Kjenner seg ikkje gammal

Trygve Haugland i Uskedalen nærmar seg 89 år, men seier som Kong Harald; det er berre eit tal. Han kjenner seg ikkje gammal på noko vis. Einaste plage han har, er at føtene ikkje alltid er som dei skal. Bortsett frå det fungerer både hovud og syn så bra at han framleis kan køyra på tur i bubil med kona si. Dei to overtok garden på Haugland i 1960 og dreiv han i 32 år. Garden har vore i same slekta like sidan 1700-talet.

Les mer
Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Mimring

Me blir visst litt mimrete med åra? Det er noko som heiter å gå i barndommen, ikkje sant?
Tankane mine går i alle fall ofte til «før i tida», og i dag koste eg meg med å tenkja på kollegaer eg har hatt opp gjennom tida. Den trygge, gode læraren på den todelte skulen på «den ytterste, nakne øy», der eg starta mitt yrkesliv, ho som gav meg råd og rettleiing, som fylgde meg vidare i alle år. Dei kreative, humørfylte kollegaene på neste skule, dei som var med på å prøva ut nye metodar, og som gjorde spennande og artige ting saman med både elevane og oss vaksne. Dei som tok godt imot meg då eg skifta beite og vart byråkrat, som viste meg tillit og gav meg ansvar, og gav meg klare tilbakemeldingar, både positive og negative. Dei som tok godt imot meg som rektor og var kjekke samarbeidspartar, og opptekne av å gje elevane eit best mogeleg tilbod. Alle dei eg har hatt gleda av å samarbeida med. Dei eg har ledd med, ete nista mi med, diskutert med, funne løysingar saman med, prata tull med og snakka fortruleg med.

Takk!

Jorunn Toskedal
15. mai 2017

Les mer
Lyd Kristian Hus Lyd Kristian Hus

Johannes Johnsen: Godt å bu heime i lag med kona

Johannes Johnsen på Sæbøvik er glad for å kunna bu heime ilag med kona si, Kristine, så lenge han kan. Når dei er to, held dei også liv i kvarandre, seier mannen som no nærmar seg 92 år. Eit liv på Halsnøytunet, der mange berre sit og stirer inn i veggene, ser han absolutt ikkje for seg. Han trur det blir alt for passivt for ein som har arbeidd og slite gjennom eit langt liv.

Les mer
Lyd Kristian Hus Lyd Kristian Hus

Trygve W. Eikeland: Trivest i eigen heim på Sunde

– Så sant du slepp unna alvorlege sjukdomar og får behalda ei nokolunde tilfredsstillande helse, er det ikkje så ille å bli gammal. Det seier snart 97 år gamle Trygve W. Eikeland på Sunde. At høyrsel og syn er vorte litt dårlegare med åra, plagar han ikkje så mykje. Verre er det at han på grunn av ein dårleg rygg ikkje lenger får stelt hus og heim slik han ønskjer – før han fer herifrå.

Dessutan plagar det han at ungane hans har sine eigne hus på kvar sin kant av landet, og at barndomsheimen deira dermed kan koma på andre hender når han er borte. Den tanken likar ikkje Trygve.

Les mer
Ord Kristian Hus Ord Kristian Hus

– Må aldri gløyma 9. april!

Bernt Kaldestad minnest enno krigsutbrotet 9. april 1940. Han hugsar avskræmde naboar, som rømde husa sine medan krigshandlingane føregjekk på fjorden utanfor heimen sin.

Les mer
Lyd Kristian Hus Lyd Kristian Hus

Arnfinn Ølfarnes: Bonde, sjømann og innkjøpssjef

Arnfinn Ølfarnes frå Utåker kan sjå attende på eit rikt liv, både som sjømann, innkjøpssjef og bonde. I leiligheten sin i Panorama Senter på Husnes, der han har god utsikt til aluminiumverket, reflekterer han no mest over det som har vore, og mindre over det som skal koma; slutten på livet.

– Eg er nøgd med livet eg har levd, og gler meg over å ha fått vore med og skapt noko her i Kvinnherad, seier 90-åringen i dette lydintervjuet.

Les mer
Lyd Kristian Hus Lyd Kristian Hus

Klara Døssland: Heimebuande og sprek 100-åring

Klara Døssland likar seg godt heime på garden sin langt oppe i Uskedalen, og vil bu her så lenge ho kan. Ein plass på aldersheimen, slik fastlegen har tilbydd henne, ser ho i alle fall ikkje for seg.

– Han er ein kjekk kar, legen min, men eg måtte seia klart ifrå om at han ikkje måtte nemna det for meg fleire gonger, seier Klara i dette lyd-intervjuet. Med god hjelp av ei heimebuande dotter finst det ikkje betre plass å vera for eit gammalt menneske enn på Heio i Uskedalen. Her kan ho filosofera over liv og lagnad – og endåtil over striden rundt den kvinnelege presten i bygda.

Les mer
Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Den kjeringjo!

Adle pusar veit atte når da nærma seg vår, ja, då blir me litt sånn der løgne i kroppen. Da e liksom noke me lengta itte. Ikkje godt å veta ka da e, men nåke e da.

Kjeringjo, ho får da fø seg, ho òg. Da bjynda med eit fæla styr med da der kvita brettet, da med bilde på. Og knotta. Ho trykkje og knotta, og manen ser på nåke dei kadla kart, eit slikt der papir med streka på. Me pusa klara oss utan slekt nåke. Og så blir ho veldig blid og seier at no e da i boks.

I boks? Adle pusa veit atte i boksane, der e da slek dar klissete pusamat. Ka ho ska ha i den der boksen, da veit me no ikkje.

Hin dagen tok ho fram to sleke dar små raude bøker frå den vetla skuffa i da dei kadla skatoll. Da e eit skummelt tegn! «Må berre sjå atte da ikkje e gått ut», ka da no betyr. Sleke bøke kan no ikkje gå? Ikkje ut, jalfall. Da veit adle pusa. Og så himla ho med augo, for da e visst eit lite bilde i den der bokjo. «Eg ser ikkje ut!» Ka slag? Da e no masse sleke dar glas så dei kadla vindauga i huset vårt. Ei stund sidan dei vart vaska, men likevel. Me ser no ut? Kjeringjo, altså.

Men i går, då bjynte ho å sjå på sommarpelsane sine. Da låg tynne og kortarma pelsa på heila storasengjo. Då bjynte me pusane å få da litt ilt inni oss. No har ho nåke på gang. Og så fann ho fram ei slek der stor veska, slek der koffert så dei kadla da.

No veit me da. Me pusane kjenne tegno. Ho og manen ska reisa. Da e noke så heite Kreta! No blir dei vekke lenge! Tenkje dei på oss pusa? Å nei, va da så vel? Kem ska kosa med oss og sleppa oss inn når me fryse på dei små pusafotane? Greitt nok at han der junioren e heima, men han e no på nåke så heite jobb. Og han ha’kje så mjukt fang så kjeringjo, da veit adle pusa. Og kem ska passa på ho, om ho finn på å gå ut i da der stora våta, da dei kadla sjø der nede på Kreta?

Nei, ho der kjeringjo? Ho må ta seg ei nepa!

Jorunn Toskedal
08.03.17

Les mer
Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Må eldreomsorga blø?

Nokre sitat frå kommunevalkampen i 2015 og referert i boka Frå heim til heim (2016):

«Ølve er den beste aldersheimen i Kvinnherad, og bebuarane gler seg til kvart måltid». (Johnny Håvik, Ap).

«Ølve alderspensjonat kan vera ein modell til etterfølgjing i resten av Kvinnherad». (Hans Inge Myrvold, Sp).

Også i 2003 ville kommunen spara pengar i Ølve ved å få mat frå Husnestunet, men bebuarane på alderspensjonatet protesterte høglytt og kommunen måtte gjera heilomvending.

Kva tid vil kommuneadministrasjonen slutta med å gjera kvardagen for dei eldre utrygg? Har ikkje byråkratane lært av den forrige mat-fadesen? Stå opp for dei eldre, kommunepolitikar, og bevar arbeidsplassane i mindre bygder!

Eg vågar påstanden: Ingen «vanleg» kvinnhering trur på at det er noko å spara ved å sentralisera matproduksjonen ved alders- og sjukeheimane. Det er ein illusjon og ein byråkratisk floskel.

Det skal bli spennande å følgja med på om her finst politikarar som vil vera med på dette.

Kristian
6. mars 2017

Les mer
Lyd Kristian Hus Lyd Kristian Hus

Aslaug Torget Sjo: Rodde for livet då fyret blei bomba

Då engelske fly gjekk til åtak på Slåtterøy fyr utanfor Brandasund i Fitjarøyane, der eit tjuetals tyskarar var stasjonerte under andre verdskrigen, måtte den då 5 – 6 år gamle Aslaug Torget, ei mindre syster og mora deira ro alt dei kunne for å unngå å koma i skotlina.

Høyr Aslaug Sjo fortelja frå barndom og oppvekst, og korleis det er å bli gammal.

Les mer
Lyd Kristian Hus Lyd Kristian Hus

Karoline Røssland: Eit langt liv på Kaldestad

Karoline Røssland (snart 91) voks opp i små kår på ein liten gard på Bømlo i førkrigstida ilag med foreldre og sju søsken. Det var smått med pengar og faren var mykje ute på arbeid, slik mange andre måtte på den tida. Dermed blei det mora og ungane som tok seg av det meste heime, både ute og inne. Men Karoline minnest likevel barne- og ungdomstida som ei god tid i livet sitt.

Les mer