Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Eit syn for auga

Å reisa langs landevegen no om hausten er ei storslagen oppleving. Denne veka fekk me med oss ein blankstill Sørfjord, kveldssol over saftbygda ved Sognefjorden, og gråvêr då me på heimvegen humpa oss gjennom baronibygda i vår eigen kommune.

Les mer
Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Kommuneval

Det er med vemod eg må skriva ein slags nekrolog over ein stad, som er lagt i stabilt sideleie. Tysdag morgon kunne me, med stor sorg, konstatera at nabobygda var den politiske døden nær.

Les mer
Lyd Kristian Hus Lyd Kristian Hus

Gaute Lund: – Kvinnherad-alternativet er best og billegast for E134

– Hovudvegen mellom Oslo og Bergen må i framtida gå gjennom Kvinnherad og ikkje via Odda og Jondal, slik Statens vegvesen tidlegare har sagt, meiner det nyskipa selskapet Sunnhordlandsdiagonalen AS. I dette lyd-intervjuet peikar styremedlem Gaute Lund på at deira alternative trasé er den absolutt beste, og truleg også den billegaste.

Les mer
Lyd Kristian Hus Lyd Kristian Hus

Birgit Boland: Eit langt og allsidig liv

Birgit Boland på Hatlestrand nærmar seg 96 år, og er det næraste vi kjem eit levande leksikon. I dette lyd-intervjuet fortel ho om korleis det var å veksa opp i Osa i Hardanger, som einaste barn i familien. Mora fødde i alt sju born, men seks av dei døydde etter berre nokre få dagar.

Les mer
Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Jul i juli

Jul i juli bør vera ei passande overskrift i dag. Det er ikkje lett å skjøna kva årstid me er i. Rett nok er det lysare enn vintersdagen, men temperaturen gjer at Kvinnherad Energi sopar inn pengar, som om det skulle vera ved juletider. Sjølv handelsstanden er komen i tvil om årstida.

Les mer