Godt håp for eit seniorsenter på Husnes
Planane om bygging av eit seniorsenter sentralt på Husnes blir meir og meir konkretisert. Arbeidsgruppa har sett på fleire høvelege tomter og har engasjert arkitekt til forprosjektet. Ei raus gåve frå SpareBank1-stiftinga Kvinnherad har gjort dette mogleg.
Om «bøller» og andre folkevalde
Det fòr eit uvêr over Kvinnherad torsdag kveld, men det blir for inkje å rekna samanlikna med det politiske lynnedslaget i formannskapsmøtet. Ordførar Peder Sjo Slettebø kunngjorde at han har fått nok av hets, personleg sjikane og gjentakande kritikk frå motstandarar i og utanfor det politiske miljøet. Han er tappa for krefter og er ikkje lenger Høgre sin ordførarkandidat ved kommunevalet i haust. Men han står framleis øvst på partiet si liste og vil uansett bli valt inn i kommunestyret. Valstyret har godkjent alle lister og no er dei også sendt til trykking.
Vi «misser» ikkje Sjo Slettebø og han forlet ikkje politikken, slik kommentarane på Facebook gjev uttrykk for. Mange har nok misoppfatta den reelle situasjonen etter ordføraren si dramatiske avgjerd om ikkje å stilla til val som ordførar.
Eg tykkjer det er trist at det politiske arbeidet, også her i Kvinnherad, har utvikla seg som det har gjort. Fleire, kanskje mange av dei folkevalde har hakka på ordføraren frå første dag. Ofte har vi fått inntrykk av at akkurat det har vore det viktigaste, framfor å finna gode løysingar på sakene. Det blei til slutt for mykje for Sjo Slettebø, og vi skal ha respekt og forståing for avgjerda hans.
Ein annan politikar, Kent Are Kjørsvik Petterson (V) er blant dei mange som er leie for at Peder ikkje vil vera ordførar etter kommunevalet i september. Petterson brukar endåtil nemninga «bøller» om dei som har stått i brodden for den massive kritikken mot ordføraren.
Om det er folk i eller utanfor kommunestyret som får denne karakteristikken, går ikkje fram av kommentaren hans. Men det skal ikkje mykje fantasi til for å tru at bøllene også finst blant dei folkevalde. Alle som har følgt debattane i det siste kan ikkje ha unngått å leggja merke til den aggressive tonen enkelte har lagt seg til. Nokon av dei framstår endåtil med eit sjølvbilde og «eg veit best»-haldning som er ganske oppsiktsvekkjande. «Måtte Gud forby at slike kjem i posisjon igjen, uansett kor mange bjørnetårer dei fell», heiter det i ein kommentar på Facebook.
Eit gammalt ordtak seier at vi får dei politikarane vi fortener. Ja, gjer vi eigentleg det? Eg kan ikkje tru at det var meininga at bøllene blant oss skulle vera med og styra!
Kristian Hus
7. juni 2019.
Store mengder pollen
Det har kome store mengder pollen på sjøen i Storsund utanfor Uskedalen siste tida, melder uskedalen.no. Det er mest synleg langs landet og opp i stranda, skriv nettstaden.
Kløyvde underleppa i fotballkamp
Den tidlegare Trio-keeperen Agnar Melkersen minnest enno godt ein sommarkveld tidleg på 1970-talet, då han vart køyrd til dokter Haugen under ein fotballkamp mot Rosendal sitt A-lag. Han hadde kløyvd underleppa og måtte syast.
Debatt med bismak
Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik oppmoda i siste kommunestyremøte folk om å halda seg saklege i det offentlege ordskiftet. Ho hadde reagert på ein del av debatten i Kvinnherad Energi-saka, først og fremst i sosiale media.
Det er ei oppmoding alle brukarar av til dømes Facebook bør ta til seg. Eg definerer meg sjølv som ein middels brukar av dette mediet, etter som det går litt i rykk og napp for min del. Men eg er der likevel ofte nok til at eg registrerer både ordbruk og måten mange uttrykkjer seg på. Det er ofte fælt å sjå kor elendig det står til, reint språkleg, og eg lurer ofte på korleis norskundervisinga i skulen har vore opp gjennom tidene.
Elendige språkkunnskapar er berre litt av problemet. Det Bjerkvik venteleg hadde mest i tankane i den generelle oppmodinga si i kommunestyret, er mangelen på folkeskikk i den offentlege debatten. Her må mange brukarar få regelrett stryk!
– Som kommunedirektør skal eg tåla ganske mykje, men eg har ikkje tenkt å bli vane med det. Å bli vane med det, er det same som å akseptera det, sa Bjerkvik i kommunestyremøtet.
Slik eg ser det, går det an å få fram meiningane sine utan å driva med splitt og hersk og personlege angrep. Så la oss alle ha dette i tankane når vi deltek i offentlege debattar på Facebook og andre stader. Heldigvis slepp vi slikt i lokalavisene våre, der sit folk som veit det meste om språkbruk og anna.
Kristian Hus
24. mai 2019.
Prosjektkoordinator frå Uskedalen
Kristine Røyrvik, med oppvekst og slekt i Uskedalen, er prosjektkoordinator i Kvinnherad Næringsservice. Ho var primus motor bak Kvinnheradkonferansen.
Kjekke minne etter dokter Haugen
Peder Ljosnes (89) hadde ein personleg og nær kontakt med dokter Haugen. Grunnlaget vart lagt gjennom Peder sitt yrke som bilmekanikar.
Dokteren hoppa i vatnet og vassa i land
Dokter Haugen hoppa på sjøen og vassa i land fleire gonger då han var ute på sjukebesøk. (Teikning: Ole Bjarte Røssland).
Bok om dokter Haugen
BILDE: Haugen var alltid pen i tøyet, endatil når han dreiv med hagearbeid. (Ukjend fotograf).
Søkjer om støtte til seniorsenter
Arbeidsutvalet har diskutert fleire tomtealternativ i Husnes sentrum. (Foto: Daniel Morso)
Ferjesambandet Kvinnherad – Stord
– Vi må slutta å sjå på alternativ på Stord, seier Hilde Enstad (Ap) i debatten om nytt ferjestø på øya. Korkje ho eller andre i partiet hennar er særleg imponerte over det som har skjedd (les: ikkje skjedd) i inneverande periode. Ved kommunevalet for snart fire år sidan gjekk Ap inn for Sunde – Jektevik, men har ikkje fått gjennomslag for det. No skal det bli interessant å sjå om dette blir valkampsak enno ein gong.
Men til poenget: Det er ikkje vanskeleg å forstå frustrasjonen i delar av det politiske miljøet over manglande resultat. Men dei folkevalde er såvisst ikkje åleine, for mitt inntrykk er at langt dei fleste tykkjer dagens reise med bil og ferje til og frå Skjersholmane er unødvendig lang. Men blir turen noko særleg kortare mellom Sunde og Jektevik? Neppe! Einaste fordelen med å bruka Ap sitt alternativ, er at vi som bur på fastlandet i Kvinnherad slepp å køyra «omvegen» om Halsnøy (ca 14 km frå Sunde, ifølgje NAF sin ruteplanleggjar) og at vi slepp å betala bompengar i tunnelen. Bompengane vil elles etter planen opphøyra om fire år.
Eg trur politikarar og andre som er skuffa over det som er gjort/ikkje gjort i høve til nytt ferjestø på Stord, berre må resignera, det er nyttelaust å kjempa vidare for noko betre. Dessverre! Bruk heller energien på meir langsiktige planar, som til dømes ferjefritt samband mellom Sunde/Husnes-området og E39 på Tysnes. Så får vi heller sitja på ferja til Skjersholmane eller Jektevik og irritera oss over stordabuen som vil ha det slik i uoverskueleg framtid.
Heldigvis har vi eit godt og tenleg snøggbåtsamband mellom kommunane, som er betre enn ein lang ferjetur. Og skal vi til Haugesund med bil er Utåker – Skånevik og Sydnes – Utbjoa langt å føretrekkja framfor turen om Skjersholmane.
Slik ser no eg på saka.
Kristian Hus
Kriminalomsorg i gammal tid
I bokverket KVINNHERAD 1 (1972, side 251) er det nokre groteske døme på «kriminalomsorg» rundt 1600 og framover i tid:
Anders i Mauranger vart dømt til døden og avretta i 1625 avdi han fekk barn med søsterdotter til kona, og jenta måtte og lata livet «…for hvilcken deres begangen Mizgjerninger de ere dømbt og henrettet under Sverdet».
Og Johannes frå Uskedalen hadde «bolieret med et qvindfolck som var hans nære slekt». Han vart dømd i 1617, men unnslapp avretting og gøymde seg i skogen.
Straffa vart utført av skarprettaren med hovudsete i Bergen, og på denne tida var det etter tur Adam Korts, August Høcker og Johan Heinrich Helmschlager. Sistnemnde kan du studera på nettet om du tåler ein trøkk. Han etterlet seg ei merittliste der ein stor del av dei avretta var unge mødre. Hans «tenester» fylgde også ei prisliste, så alt var i tråd med god rekneskapsskikk.
Mykje gjekk for seg på Nordnes i Bergen. Når han måtte ut i «distriktene», var det pålagt bønder langs reiseruta å gje han fri skyss. Ikkje så populært det, nei.
Johannes Guddal