Arbeidsavtale mellom oldefar og oldebarnet
Oldebarnet Kåre Haugen, son til Kjell og Elin Valland, hadde ansvar for plenslåtten i doktergarden fleire somrar då han var gutunge. Det var ingen tilfeldigheter, og det var skriftleg korrespondanse om arbeidsforholdet. Breva er skrivne med sirleg handskrift, og med fyllepenn.
Rekvirerte sjøfly
I 1953 vart bestefar til Lars Næs, som budde i Mauranger, svært dårleg. Haugen forstod tydelegvis alvoret med ein gang. Han kom ikkje sjølv, men rekvirerte fly til Bergen.
Vanskeleg fødsel
Lars Næs kom til verda heime i 1963, sidan fødselen kom litt brått på. Det var ein komplisert fødsel så Haugen var på plass saman med jordmor Herborg Øvrehus. I tillegg var ei tante av Lars der og hjelpte til.
Rask legehjelp
Vi har høyrt fleire historiar om kor rask og effektiv dokter Haugen var. Dette fekk han verkeleg bevis for, ølvesbuen som møtte opp til dokterdag i Holo òg.
Uhell under skogsarbeid
Hans Storedale i Ølve har fortalt oss ei historie han har høyrt frå Hatlestrand. Det handlar om to karar som var på skogsarbeid. Dette var lenge før motorsaga si tid, så arbeidet skjedde med manuell sag, og kvistinga vart gjort med øks.
Fjerna feittklump
Hans Storedale har ei forteljing som verkeleg illustrerer den store omveltninga som har vore når det gjeld tekniske hjelpemiddel dei siste 50–60-åra. Han fortel at far hans var mykje plaga av sjukdom, og før han døydde berre 59 år gammal, hadde han lege sjuk og blitt pleidd heime i Storedale i seks år.
Tilkalla legen per brev
Hans Storedale har ei forteljing som verkeleg illustrerer den store omveltninga som har vore når det gjeld tekniske hjelpemiddel dei siste 50–60-åra. Han fortel at far hans var mykje plaga av sjukdom, og før han døydde berre 59 år gammal, hadde han lege sjuk og blitt pleidd heime i Storedale i seks år.
Forferdeleg tannverk!
Ein eldre kar frå Ølve hadde slite med forferdeleg tannverk i ei av dei få tennene han hadde att. Derfor hadde han bestemt seg for å gå til Haugen for å få ho trekt neste kontordag. Nett den dagen var tannverken vekke, og dermed gløymte karen heile legebesøket.
Skremt i vegkanten
Turid Rønning hugsar ein gong ho var til Feet i Omvikdalen med sykkel for å handla. Ho hadde nett sett sykkelen frå seg i vegkanten like ovanfor butikken til Thunold då Haugen kom skjenande innover i bil.
Til sjukehus for blindtarmen
Turid Rønning, med jentenamnet Omvik, no busett i Oslo, har òg fleire minne frå møte med Haugen under oppveksten i Omvikdalen. Ho fortel at ho i 1953 eller -54 vakna og hadde så forferdeleg vondt i magen. Det hjelpte ikkje kor ho snudde og vende på seg, så det enda med at foreldra ringte til dokteren.
Med aksla or ledd
Ein mann i ei bygd, ein bonde, fekk under arbeid aksla or ledd ein gong på 50-talet. Sikkert ei litt dramatisk og vond oppleving.
Alle måtte ta i
På 60-talet var det eit vegarbeid i Kvinnherad som bar namnet Veganlegget Herøysund – indre Fet. Små vegstubbar vart utvida og forbetra. Vegingeniør Finn Nitter var ofte i bygdene i denne tida. Det var lokal forretningsførar, og kjærkome arbeid for mange.
– Det var jo også en løsning
Dette skjedde ein gong på 60-talet. Ei eldre kvinne var alvorleg sjuk. Neste morgon skulle ho køyrast til sjukehus av ein nabo, og om kvelden vart ho lagt i sjukekorg i samråd med dokter Haugen. Samaritten i kommunen, Margot Eikeland (seinare Haugland), ordna det meste.
Rottegift og dramatikk
Som småbarnsmor opplevde Frøydis Sjo Fjellhaugen ei dramatisk hending, der det kom svært godt med å få hjelp av dokter Haugen. Her følgjer Frøydis si forteljing frå hendinga på slutten av 60-talet.
Dei gamle er eldst
Då Frøydis Sjo Fjellhaugen las boka om dokter Haugen, såg ho at han var fem år eldre enn svigerfar hennar. Ho hugsar ein gong då svigerfaren var sjuk, og dokteren kom på sjukebesøk.
– Eg daua!
Frøydis Sjo Fjellhaugen har ei historie som ho vart fortalt av ein ven frå Omvikdalen. Som gutunge hadde han hatt nærkontakt med ei bølgjeblekksplate. Korleis samanstøyten bar til, kan ho ikkje seie for visst, men guten måtte til Haugen og syast. Det var eit langt kutt.
– Besvimer du?
Frøydis Sjo Fjellhaugen fortel om ein gong ho måtte frekventera legekontoret i Rosendal på ein laurdagskveld. Ei stor Cola-flaske hadde eksplodert og ein glasbite trefte ho framme på leggen og laga eit kraftig kutt.
Vaksine i full fart!
Frøydis Sjo Fjellhaugen i Matre fortel at eit av hennar første møte med Haugen var på kontoret hans i Rosendal, då nokre mødre skulle få vaksine i sine håpefulle.
Dokter Haugen fekk behandling
Anne-Marie Alsterberg Handeland voks opp på kaien i Valo, der mor hennar dreiv butikk. Faren var utdanna sjukepleiar og hadde blant anna vore med på dr. Udland sin ekspedisjon etter krigen i Etiopia. Han kom heim derifrå i 1936, og sjukepleiarerfaringa si fekk han bruk for i ei hending på slutten av 1940-talet.