Tommel som ei kjøttkake!
I 1957 heldt far til Gunnar Mehl i Rosendal på og bygde nytt hus. Medan han støypte grunnmuren, var gutungen på plass, og som 8-åringar flest, var han interessert i arbeidet som føregjekk. Til å blanda betongen vart det brukt ein manuell blandemaskin, og Gunnar klarte å få tommelen inni «kloa» som dei stilte vinkelen på trommelen med. Resultatet vart at tommeltotten såg ut som ei kjøttkake, og då bar det til dokter Haugen.
Duehandel 2
Dei flotte fuglane til Haugen var til glede for mange. Mange hadde det som ein fast post på programmet når dei var i Rosendal at dei stakk innom og såg på dei staselege påfuglane og dei kvite, fine duene. Vi kan vel seia at Haugen dreiv dueoppdrett for mange, og særleg barn og ungdommar fekk, eller kjøpte duer av dokteren. For dei som betalte noko, var det alltid snille prisar.
Halsbetennelse
Då Gunnar Mehl frå Rosendal var 18 år, fekk han halsbetennelse, og det var av det kraftige slaget. Dermed bar det til dokter Haugen, som starta behandling umiddelbart. Det var ned med buksa, og sprøyte med penicillin i bakenden.
Han hadde langt hår
Leif Ottar Tveito hugsar ei hending frå han var i ungdomsskulealder tidleg på 1970-talet. Han fekk tre julehøgtider «øydelagt» fordi han hamna til sengs med barnesjukdommar. Søstera var alltid den heldige som fekk dei før jul, og så vart resten smitta.
Ikkje tid å venta!
Åsmund Kåre Rørvik fortel ei historie etter mor si. Ho voks opp i Kvednavikjo i Uskedalen, og hendinga er derifrå.
Ein buss var på veg utover og hadde stogga på bakketoppen ved Vodlen for å ta på passasjer, medan dokter Haugen kom i stor fart i bilen sin på veg utover, han òg.
Munnsykje og diagnosestilling
Lars Hersvik voks opp på Aksnes i Raudsteinsstrando, det dei fleste kallar Langgåt i dag. Han hugsar ein gong han fekk ei munnsykje då han var barn. Han trur det kom av at han hadde ete syreblad eller noko liknande.
Halssvull før og no
Eli Roseth Eik fortel om ei behandling Roald, som seinare vart mannen hennar, fekk i tenåra. Han var elev ved yrkesskulen i Omvikdalen og skulle opp til eksamen, men hadde så frykteleg vondt i halsen. Med den ventande eksamen i tankane kunne han ikkje bry seg om det.
«Jeg skal komme»
– Orda «jeg skal komme» vart ofte nemnt i heimen min, fortel Åsmund Kåre Rørvik. Dokter Haugen nytte stor respekt og vart alltid omtala med vørdnad og takksemd.
Akutthjelp etter skitur
– Midt på 1960-talet var vi ein kameratgjeng i tenåra som gjekk mykje på ski i Husnesfjella. Ei palmehelg var vi på den vanlege turen vår opp frå Bremstølen via Svanaheio til toppen av Mjelkhaug. Medan vi sat på toppen vart vi samde om å køyra rett ned til Sundsstølen, ein bratt og spennande nedfart.
To fluger i ein smekk
Då tvillingane Asle og Tore Soldal skulle ta førarkort, måtte dei som alle andre ha legeattest. Sidan dei to er fødde i 1958, var nok dette midt på 70-talet, altså 10 år etter at dokter Haugen slutta av som distriktslege. Likevel var det han dei fekk time hos, og dei vart kalla inn på kontoret samstundes.
Sterke saker
Eitt av barna til Harald og Randi Erdal var blitt sjuk. På den tida budde dei på Bjørkevollen i nærleiken av bedehuset i Omvikdalen. Harald måtte til Rosendal for å få medisin til barnet.
I grøfta (igjen)
Dokter Haugen (1895–1986) kunne også vera spydig til tider, men utan å vera ufin på noko vis. Det vert fortalt at ein gong han hadde køyrd i grøfta kom eit barnlaust ektepar forbi, det var lensmann Malmanger og kona. Dei stoppa og spurde om han trong hjelp.
På skikkeleg skogstur
Dokter Haugen hadde blitt tilkalla til ein pasient i Stussvik. Det var komne nye folk på eit småbruk der, og vegen gjekk ikkje heilt fram til bruket. Haugen kom på motorsykkel, og hadde fått beskjed om å køyra så langt det gjekk an på vegen.
I selskap i doktergarden
Olga Sunde var ein gong i selskap i doktergarden i Rosendal. Det var yngstesonen Endre, som var litt eldre enn henne, som inviterte. Dei var ein gjeng ungdommar, men ikkje så mange, kanskje 5–6 i alt.
Spedbarnskontroll
Astrid Tofte Helland budde på Opsanger då ho fekk det første barnet sitt. Guten var liten og småbroten, og ho var til spedbarnskontroll hjå dokter Haugen på kontoret i Olderkjær sitt hus på Sunde.
Ulike typar «medisin»
Ein kar på Husnes feira rund dag. Det var kald vinter, og det var mange gjester. Stemningen var god, og litt fuktig var det òg. Nokre av karane tok turar ut for å lufta seg i den kalde vinterkvelden, nokre i berre skjortene.
Vatn i kne
Aud Sigrun Fausk hugsar også ein gong då Haugen kom på motorsykkel opp til heimen deira i Langgåt. Bakgrunnen for dokterbesøket, var at far til Aud Sigrun hadde fått vatn i kne.
Øyrebetennelse
Astrid Haugse og familien hadde vore på tur i første del av påsken. Dei kom tilbake til Kvinnherad utpå påskeafta. Astrid hadde fått ein grusom øyreverk, og sidan det var etter at dei nye legane var komne, køyrde dei innom helsesenteret då dei passerte Rosendal.
Ein høg og ein lang
Ein barndomsven av Astrid Haugse vaks så snart, og han vart både høg og tynn. Han gjekk til Haugen og klaga over at han hadde så vondt i kneledda.