Eit varig minne
Kåre K. Haugen går rundt med eit varig minne etter behandling hjå oldefaren sin. Eller skal vi heller seia at det er eit varig mein?
«Operasjon tånagl»
Som barn var Gudrun Røssland Enæs ofte plaga med inngrodd nagl på stortåa. Dette resulterte i ein del turar til dokter Haugen, og han fiksa det ofte med å ta bort nagla.
Sjukemelding?
Det var lytt mellom dokterkontoret i Rosendal og venteværelset, etter som det ikkje var lydtette dører den gongen. Dermed vart dei som sat og venta ein gong vitne til ein pasient som klaga seg mykje for vond rygg. Han meinte tydelegvis sjølv at det einaste som hjelpte var ei sjukemelding.
Arbeidsavtale mellom oldefar og oldebarnet
Oldebarnet Kåre Haugen, son til Kjell og Elin Valland, hadde ansvar for plenslåtten i doktergarden fleire somrar då han var gutunge. Det var ingen tilfeldigheter, og det var skriftleg korrespondanse om arbeidsforholdet. Breva er skrivne med sirleg handskrift, og med fyllepenn.
Rekvirerte sjøfly
I 1953 vart bestefar til Lars Næs, som budde i Mauranger, svært dårleg. Haugen forstod tydelegvis alvoret med ein gang. Han kom ikkje sjølv, men rekvirerte fly til Bergen.
Vanskeleg fødsel
Lars Næs kom til verda heime i 1963, sidan fødselen kom litt brått på. Det var ein komplisert fødsel så Haugen var på plass saman med jordmor Herborg Øvrehus. I tillegg var ei tante av Lars der og hjelpte til.
Rask legehjelp
Vi har høyrt fleire historiar om kor rask og effektiv dokter Haugen var. Dette fekk han verkeleg bevis for, ølvesbuen som møtte opp til dokterdag i Holo òg.
Uhell under skogsarbeid
Hans Storedale i Ølve har fortalt oss ei historie han har høyrt frå Hatlestrand. Det handlar om to karar som var på skogsarbeid. Dette var lenge før motorsaga si tid, så arbeidet skjedde med manuell sag, og kvistinga vart gjort med øks.
Fjerna feittklump
Hans Storedale har ei forteljing som verkeleg illustrerer den store omveltninga som har vore når det gjeld tekniske hjelpemiddel dei siste 50–60-åra. Han fortel at far hans var mykje plaga av sjukdom, og før han døydde berre 59 år gammal, hadde han lege sjuk og blitt pleidd heime i Storedale i seks år.
Tilkalla legen per brev
Hans Storedale har ei forteljing som verkeleg illustrerer den store omveltninga som har vore når det gjeld tekniske hjelpemiddel dei siste 50–60-åra. Han fortel at far hans var mykje plaga av sjukdom, og før han døydde berre 59 år gammal, hadde han lege sjuk og blitt pleidd heime i Storedale i seks år.
Forferdeleg tannverk!
Ein eldre kar frå Ølve hadde slite med forferdeleg tannverk i ei av dei få tennene han hadde att. Derfor hadde han bestemt seg for å gå til Haugen for å få ho trekt neste kontordag. Nett den dagen var tannverken vekke, og dermed gløymte karen heile legebesøket.
Skremt i vegkanten
Turid Rønning hugsar ein gong ho var til Feet i Omvikdalen med sykkel for å handla. Ho hadde nett sett sykkelen frå seg i vegkanten like ovanfor butikken til Thunold då Haugen kom skjenande innover i bil.