Dr. Haugen Dr. Haugen

Akutthjelp etter skitur

– Midt på 1960-talet var vi ein kameratgjeng i tenåra som gjekk mykje på ski i Husnesfjella. Ei palmehelg var vi på den vanlege turen vår opp frå Bremstølen via Svanaheio til toppen av Mjelkhaug. Medan vi sat på toppen vart vi samde om å køyra rett ned til Sundsstølen, ein bratt og spennande nedfart.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

To fluger i ein smekk

Då tvillingane Asle og Tore Soldal skulle ta førarkort, måtte dei som alle andre ha legeattest. Sidan dei to er fødde i 1958, var nok dette midt på 70-talet, altså 10 år etter at dokter Haugen slutta av som distriktslege. Likevel var det han dei fekk time hos, og dei vart kalla inn på kontoret samstundes.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Huskjøp

Haugen kasta ikkje vekk tida korkje når han var på legebesøk eller i andre samanhangar. Ikkje var han ein mann av mange unødvendige ord heller. Dette viste han også då han var interessert i å kjøpa eit hus i Rosendal.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Sterke saker

Eitt av barna til Harald og Randi Erdal var blitt sjuk. På den tida budde dei på Bjørkevollen i nærleiken av bedehuset i Omvikdalen. Harald måtte til Rosendal for å få medisin til barnet.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

I grøfta (igjen)

Dokter Haugen (1895–1986) kunne også vera spydig til tider, men utan å vera ufin på noko vis. Det vert fortalt at ein gong han hadde køyrd i grøfta kom eit barnlaust ektepar forbi, det var lensmann Malmanger og kona. Dei stoppa og spurde om han trong hjelp.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

På skikkeleg skogstur

Dokter Haugen hadde blitt tilkalla til ein pasient i Stussvik. Det var komne nye folk på eit småbruk der, og vegen gjekk ikkje heilt fram til bruket. Haugen kom på motorsykkel, og hadde fått beskjed om å køyra så langt det gjekk an på vegen.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

I selskap i doktergarden

Olga Sunde var ein gong i selskap i doktergarden i Rosendal. Det var yngstesonen Endre, som var litt eldre enn henne, som inviterte. Dei var ein gjeng ungdommar, men ikkje så mange, kanskje 5–6 i alt.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Spedbarnskontroll

Astrid Tofte Helland budde på Opsanger då ho fekk det første barnet sitt. Guten var liten og småbroten, og ho var til spedbarnskontroll hjå dokter Haugen på kontoret i Olderkjær sitt hus på Sunde.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Ulike typar «medisin»

Ein kar på Husnes feira rund dag. Det var kald vinter, og det var mange gjester. Stemningen var god, og litt fuktig var det òg. Nokre av karane tok turar ut for å lufta seg i den kalde vinterkvelden, nokre i berre skjortene.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Vatn i kne

Aud Sigrun Fausk hugsar også ein gong då Haugen kom på motorsykkel opp til heimen deira i Langgåt. Bakgrunnen for dokterbesøket, var at far til Aud Sigrun hadde fått vatn i kne.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Øyrebetennelse

Astrid Haugse og familien hadde vore på tur i første del av påsken. Dei kom tilbake til Kvinnherad utpå påskeafta. Astrid hadde fått ein grusom øyreverk, og sidan det var etter at dei nye legane var komne, køyrde dei innom helsesenteret då dei passerte Rosendal.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

I grøfta

Bestefar til Astrid Haugse budde like ved ungdomshuset på Hatlestrand. Ein dag då han var ute og jobba, hadde han hunden sin med seg, slik tilfellet ofte var. Hunden hadde vasa seg opp i vegen, og der kom Haugen i full fart på motorsykkel.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Bilen i bekken

Aud Sigrun Fausk i Langgåt på Husnes har fleire minne om dokter Haugen. Frå oppveksten hugsar ho ein gong han kom køyrande i den blå Mercedesen opp den bratte bakken forbi huset deira.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Trekte fire jekslar

Astrid Haugse, som no bur i Herøysundet, voks opp i Ølve. Ho har mange minne frå Haugen si tid som dokter. Då ho var 10–11 år fekk ho så skrekkeleg tannverk. Ho gjekk då på Husa skule, ein av fire skular i Ølve på den tida, og gjekk frå skulen til dokterkontoret i Holo.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Isolasjon, leiker og lesestoff

Etter at vaksine mot difteri kom inn i vaksineprogrammet for barn i 1952 har denne sjukdommen blitt ytterst sjeldan i Norge. Olga Sunde frå Rosendal, no busett i Uskedalen, fortel at ho vart smitta av sjukdommen for om lag 70 år sidan, altså nokre år før vaksinasjonen mot sjukdommen starta.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Først i køen

Dokter Haugen (1895–1986) hadde utedagar i Holo i Ølve – i huset til Lars Dahle. Der var det ikkje timebestilling, og det galt å vera ute i god tid.  Dermed var det som regel godt med folk på venterommet når dokteren kom.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Tok snarvegen

Det var ikkje alltid like lett for dokter Haugen å ta seg fram til pasientane. Sølvi Ulvenes hugsar eit legebesøk ein vinterdag då det var uvanleg mykje snø. Ho voks opp på Saghaugen på Sunde, og eine bror hennar var sjuk med så høg feber at det vart ringt etter dokter.

Les mer