Honnør for Jonas Lie
Det er mangt ein kjem over når ein ryddar i gamle arkiv, og i skuffer og skap. Dette biletet er eit døme på det. Det viser speidarar på Husnes, som la på krans på støtta over diktaren Jonas Lie. I mange år var dette ein tradisjon om morgonen på 17. mai.
Vintersolkverv
Vintersolkverv eller vintersolsnu er den kortaste dagen i året, og er alltid ein del av vinteren, uansett kva vêr vi har. «Kvervet» skjer når den nordlege eller sørlege halvkula har størst helling vekk frå sola. I nord er dette gjerne den 21. eller 22. desember og i sør den 21. eller 22. juni.
Ei interessant tidsreise i manns minne
Kristian Hus er forfattaren av boka «Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år». Dette er langt på veg ein sjølvbiografi med interessant dokumentasjon, skriv Magne Medhus. Saman med fleire tema og det store biletmaterialet, kan boka faktisk bli ei lokalhistorisk oppslagsbok, meiner han.
O, jul med din glede…!
Torsdag 17. desember 2020 blei ein spesiell dag for Seniorsenteret Husnes, då ein gravemaskin frå Dimmelsvik Entreprenør køyrde inn på tomta for første gang. Oppdraget var å grava hol og undersøkja grunnforholda med tanke på fundamentering av bygget.
Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år: Ein munnleg bokpresentasjon
Dersom du er interessert i å få vita meir om innhaldet i den nye boka mi; Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år, må du ta deg tid til å lytta gjennom denne podkasten. Her presenterer eg ein del av innhaldet for deg i kortform.
Bom for Sunnfast?
Dagens fredelege demonstrasjon på Våge er helst av det morosame slaget, men truleg med eit snev av alvor bak. I alle fall vart det sett opp bom for skogsveg-prosjektet Våge/Røyrvik, og straks vart det føreslege at det kunne startast innkreving av førehandsbompengar til Sunnfast, som er planlagt å koma nett der bommen står.
Vêrmelding frå Matre
Frøydis Fjellhaugen i Matre er ein ivrig aktør på Facebook, ofte med morosame kommentarar til det som skjer i bygda og elles i samfunnet. Også politiske synspunkt gler ho lesarane med. Ho skriv som oftast på dialekt, og det er det mange som set pris på.
Drukna Kloumann i Opsangervatnet?
Flykrasjet på Halsnøy for 66 år sidan skaper framleis engasjement hjå mange, både i Kvinnherad og utanom kommunen. Størst merksemd får kadetten Eirik Kloumann, ein av dei to som var om bord i flyet. Han vart aldri funnen, trass i ein omfattande leiteaksjon over eit stort område.
Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år
Kristian er blitt godt vaksen og ser attende på alt han har vore med på, og vitne til, gjennom levd liv. Boka «Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år» er no til sals.
Johannes Bondhus: Minnest raset i Mauranger i 1970
Fredag 9. januar 2020 var det femti år sidan den tragiske rasulukka i Mauranger, der sju menneske omkom, fire av dei frå Kvinnherad. Høyr Johannes Bondhus fortelja om ulukka.
Siderproduksjon i godt lag
Ein vennegjeng, for det meste hytteeigarar og nokre fastbuande med hjarta for Fjelberg, har dei siste fire åra kome saman for å produsera sider. Såleis er det blitt til ein sosial tradisjon.
Tur til øvre Myrdal
Ei helg i året går Jan Martin Skaaluren og tre kameratar på fjelltur til ulike stader rundt om i kommunen. Årets tur, den 24. i rekka, gjekk til øvre Myrdal.
Bok om kyrkjegardane i Kvinnherad
– Før arbeidet med dette prosjektet starta, hadde eg aldri høyrt om Sigurd Åkra, Knut Teigen, Magda Rørvik, Lars J. Hjortås, Marta Magdalene Særsten, Signe Holmedal, Ole Simonsen Arnevik eller Guro Våge, skriv Morten Nygård i føreordet.
Jarle Fossheim: Var med og henta vanstelte sauer på Aske
Jarle Fossheim var berre 17 år då han var med og henta kring 80 sauer på Borgundøy i Fjelberg – med makt. Mange av dyra var i elendig forfatning, og trong fôrast opp på ein annan stad viss dei skulle overleva.
Bok om «skaparen» Magnar Reigstad
Snøggbåten «Sleipner» gjekk ned ved Store Bloksen mellom Haugesund og Stord for tjue år sidan, og i media har me dei siste dagane blitt minna om denne ufattelege tragedien, som ifølgje Lagmannsretten skuldast feilnavigering. Magnar Reigstad frå Halsnøy hadde sin eigen teori om kva som skjedde og hevda noko heilt anna. No kjem boka om han.
«Kvinnhersminne» med leik og alvor
Kvinnherad Sogelag har kome med ei ny utgåve av Kvinnhersminne, den 19. i rekkja sidan 1982. I år er det ikkje noko raud tråd gjennom årboka, etter som skriftstyret valte å avvika frå tidlegare praksis med eit hovudtema. Bidragsytarane har nær sagt fått skriva om kva dei ville.
Gratis gjennom Halsnøytunnelen
Torsdag 5. september 2019 er ein gla’dag for bilistar, som sidan mars 2008, på sjølve Kvinnedagen har måtta betala bompengar for å køyra gjennom Halsnøytunnelen. No overtek staten bompengelånet på ca 120 mill kroner, og det blir gratis for den enkelte.
Folgefonna Opp
Det vart favorittsigrar både i herre- og dameklassen då motbakkeløpet Folgefonna Opp vart arrangert.
Valkamp med få saker
Ein knapp månad før kommunevalet i september kjem det eine politiske løftet etter det andre. Og det er ikkje måte på kor godt kvinnheringane no skal få det i åra framover, berre dei «rette» partia får overta makta og styringa. Vi har verkeleg grunn til å gle oss alle i hop!
Så langt i valkampen kan ein få inntrykk av at det denne gongen berre handlar om to saker; nei til vindkraft og ferja mellom Kvinnherad og Stord. I vindmølle-debatten blir det endåtil sagt at det er ei lagnadstid for kommunen vår. Det kan så vera, og eg har stor respekt for dei som engasjerer seg og legg ned eit stort arbeid for noko dei har stor tru på. Like eins må eg beundra dei som kjempar for eit godt ferjesamband. Det er eit godt teikn for lokaldemokratiet når vi ser slike engasjement.
Men skal valkampen dei neste vekene berre handla om vindmøller og ferjestø? Det må då vera mange andre viktige saker å diskutera framfor eit lokalval, tenkjer eg. Kva med skule og oppvekst, arbeidsplassar og eldreomsorg, har partia ein god plan for desse sektorane? Eg håpar alle parti snart vil stå fram og fortelja veljarane sine kva som er realistisk å få til innafor strame budsjett.
Dessutan: Eg er totalt likegyldig til om det kjem ein og annan sentral person til kommunen for å kasta glans over valkampen til partiet sitt, sjølv om vedkomande skulle ha hytte på Utåker. Om ein minister snakkar politikk under ein tjue minuttars ferjetur over fjorden, bryr eg meg heller ikkje om. Det er eit lokalval vi står føre, og då vil det vera greitt å få vita kva sektorar partia vil prioritera framover.
Samarbeid etter valet har òg vore etterlyst, men her ser det ut for at ingen parti vågar å ha noka meining på førehand. Det er dumt for oss som framleis sit på gjerdet!
Kristian Hus
Kurshelg om levd liv i Sunnhordland
Det er viktig å ta vare på historien. Birgit Boland på Hatlestrand fekk fortalt si historie i boka «Godt vaksen» i 2015 før ho døydde. (Foto: Kristen Børje Hus)