Nytt byggjefelt på Husnes
Det nye kommunale byggjefeltet mellom Lonabrotet og Bogsnes på Husnes nærmar seg fullføring. Under ein spasertur gjennom det nye feltet, kan vi slå fast det er blitt eit flott område. Venteleg blir det òg attraktivt å byggja her. All infrastruktur er allereie på plass i feltet, som totalt er på bortimot 40 dekar.
Avisene må ta ansvar!
Den tidlegare kommunepolitikaren Arne Hauge har i eit avisintervju utfordra lokalavisene våre om å ta ansvar, og få samfunnsdebatten tilbake til avisa. Han fryktar at demokratiet forvitrar dersom debatten berre føregår på Facebook.
– Avisene må ta samfunnsoppdraget sitt på alvor og løfta dei viktige debattane inn igjen i redaktørstyrte organ, seier den pensjonærte læraren i eit intervju med Kvinnheringen.
Eg er enig med det Hauge skriv; «...avisene må passa seg for å gjera seg uaktuelle». Men i dagens digitale og oppjaga medieverd, der alt på død og liv må ut til lesarane nesten før journalisten har sett punktum, trur eg avisene vil få problem med å få debattane inn i papirutgåvene sine igjen. Den tida er langt på veg forbi, og det er berre sporadisk at nokon få av oss nyttar seg av lesarbrevspaltene i papirutgåvene. Det går nesten an å telja på ei hand kven som ytrar seg på «gamlemåten».
Grenda og Kvinnheringen kjem til dømes no ut berre to gonger i veka, og det er for sjeldan til at vi får ein levande debatt i papirutgåvene. Dei som skriv, må som oftast venta i ei veke eller to før nokon kjem med tilsvar. Då blir det ikkje ein levande og tidsaktuell debatt. Men det er kanskje heller ikkje det Arne Hauge ser for seg? Han tenkjer nok på avisene sine eigne nettsider, han òg, tippar eg.
Så sterkt som Facebook står i dag, er det bortimot håplaust, enn seia umogleg, å flytta aktuelle debattar og kommentarar vekk frå den populære nettstaden. Likevel bør avisene leggja til rette for ein meir levande og lokal debatt på sine redaktørstyrte nettsider, slik det var for ein del år tilbake. Problemet med upassande ordbruk og personhets, slik vi ser tendensar til på Facebook, bør det vera mogleg å stoppa.
På Facebook er det ofte mykje tull og tøys og useriøse kommentarar når diskusjonane går for fullt. Det vil vi venteleg bli sparte for på avisene sine nettstader.
Eg vågar også påstanden at ein del av dei som skriv på Facebook er med og øydelegg språket vårt. Her òg har avisene verkeleg ei viktig oppgåve.
Kristian Hus
Kvinnherad bandbase – eit lokalt pop- og rock-leksikon
Eit prosjekt som freistar laga ei oversikt over pop- og rock frå Kvinnherad er i emning. Forfattar Lars Jostein Rørvik og Skimtvis er i gang med å samla namn på alle band og artistar som har vore aktive i Kvinnherad frå 1965 og framover.
Ein pause frå covid-19?
Koronapandemien er alvorlege saker, og den skal vi ta på største alvor, og ikkje kimsa av. Men eg trur likevel folk flest no har nådd eit metningspunkt når det gjeld omtale i media, og at ein er leie.
I Kvinnherad oppdaterer kommunen nettsida si om smitten kvar einaste dag, og lokalavisene følgjer opp med store overskrifter og konkrete tal over kor mange som er smitta. «Nok eit døgn med høge smittetal», skriv til dømes Kvinnheringen den 20. januar. «Onsdag vart det registrert enno fleire tilfelle av koronasmitte i Kvinnherad», skriv Grenda. Riksdekkande TV og radio er enno meir aggressive i sin iver etter å fortelja oss kor gale det er. Eller kan bli, viss vi ikkje passar oss.
Vi nærmer oss no to år med restriksjonar, påbod, testing og vaksinering. Det trur eg mange etter kvart er skikkeleg leie av. Mange unge som sit i isolasjon har det òg vanskeleg. Tenk om vi kunne få oppleva berre éin einaste dag utan dette maset om koronasmitte? Hadde ikkje det vore litt bra for psyken vår?
Eg oppmodar først og fremst lokalavisene om å ta ein liten pause, berre éin dag om så er, kjemisk fri for alt som har med covid-19 å gjera? Det vil vi alle ha godt av!
Kristian Hus
Eldst i landet og bur i eigen heim
Han er den eldste mannen i landet og bur framleis i huset sitt på garden Eide i Tørvikbygd i Kvam kommune, ikkje langt frå Eidesvatnet. Her blei han fødd den 3. juli i 1914, tre dagar før første verdskrigen braut ut. Fødselsdatoen stadfester at Vidar J. Eide går i sitt 108. år. Hardt arbeid, mykje mjølk og grovt brød er noko av forklaringa på den høge alderen.
Ny bok: Prestegardsminne
Forlaget Skimtvis er klar med si andre lokale bok denne hausten. No kjem boka Prestegardsminne, som har sitt utgangspunkt i Malmanger prestegard i Rosendal.
Når dei eldre svelt
Det er nesten ikkje til å tru, det som er kome fram i riksmedia i det siste: Langt fleire menn og kvinner døydde av svolt og underernæring i norske sjukeheimar i 2020 enn dei som døydde av Covid19! Venteleg er ikkje Kvinnherad med i denne statistikken, men det er likevel grunn til å tenkja over problematikken. For dei eldre si skuld!
Vi snakkar om ei sårbar gruppe menneske, som i den siste fasen av livet sitt må opphalda seg i ei seng, på eit rom i ein institusjon der dei er fullt og heilt fråteken muligheten til å påverka sin eigen situasjon.
Det er eit mareritt for mange av oss, å måtta enda opp i ei sjukeseng etter eit sjølvstendig og innhaldsrikt liv på dette rommet med framande, med liggjesår, bleier, smerte, håttaløyse, dagar som kjem og går, altfor mykje tid og utan mulighet til å eta sjølv. Fullstendig overgitt til helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og legar. Som alle gjer så godt dei kan, men som har det travelt. Av og til slitne og oppgitte.
Dei gjer så godt dei kan, desse hjelparane. Men når så mange gamle svelt så å seia rett framfor augene deira, må det vera lov til å stilla spørsmål ved systemet vi har bygt opp i vårt moderne velferdssamfunn. For det fungerer openbert ikkje godt nok, når endåtil Helsedirektoratet påpeikar at alt for mange eldre døyr av underernæring og svolt på mange institusjonar, i eit land som nesten bugnar av mat og drikke!
Det trengst å ropast eit varsku!
Kristian Hus
Kjelde: ViOver60.
Per Flatebø: Køyle-Peren reflekterer over livet sitt
Ikkje er han døypt, ikkje er han konfirmert og ikkje trur han på nokon gud heller, snart 92 år gamle Per Flatebø i Mauranger. Derimot er han politisk overtydd; han røystar på partiet Raudt og vil gjera det neste gong òg, om han lever. Han har meir tru på dei raude enn på nokon andre. Alkohol bryr han seg heller ikkje noko om lenger.
Om kommunalt arbeidsgjevaransvar
Det er positivt at kommunestyret av og til blir minna på arbeidsgjevaransvaret sitt, slik Hege Lægreid Røssland (SF) (bildet) gjorde i siste møte. Men det må ikkje innebera at politikarane slår ring om etatar og tilsette til ei kvar tid, og «vernar» dei i alt og eitt.
Ein arbeidsgjevar, i dette tilfellet Kvinnherad kommunestyre, har like mykje plikt på seg til å ta tak i kritikk og innspel som måtte koma frå innbyggjarane i ulike saker. Når folk går til avisene med klagene sine, er det ofte eit teikn på at dei ikkje blir høyrde på annan måte. Min påstand er at det finst potensiale for forbetringar i alle organisasjonar.
Men det er òg viktig at vi som innbyggjarar ikkje byggjer opp om byråkrati- og politikarforakt, ja, endåtil misnøye når vi deltek i offentleg debatt. Dessverre har vi sett nokre døme på det.
Elles takk til Kvinnheringen og Grenda for godt arbeid! Kritikken frå talarstolen i kommunestyret 28.10.21. må de berre sjå vekk frå. Avisene har berre gjort jobben sin, og det trur eg dei fleste politikarane også ser.
Kristian Hus
Bok om entreprenøren Gunnar Røsseland og familieverksemda
I Skimtvis si nye bok Samfunnsbyggjarane får vi lesa om Gunnar Røsseland som var med og bygde Husnes og dei som dreiv livsverket vidare gjennom oppturar og nedturar. Boka er i sal no.
Ein merkedag for seniorsenteret
Torsdag 22. april 2021 blei ein etterlengta merkedag for seniorsenteret på Husnes. Då kunne leiaren i prosjektstyret, Roald Teigen, endeleg ta det første jafset med gravemaskina til Dimmelsvik Entreprenør for å markera at det fysiske arbeidet på tomta er i gang.
Blod er tjukkare enn vatn
Skal det vere, så skal det vere, har visst Sigurd Vikøren (74) i Rosendal tenkt. For like før påske slo han like godt til med to bøker; ein kriminalroman og ei om Hattebergvassdraget.
Ny bok om kyrkjegardane i Kvinnherad
«Kvil i fred – Små og store soger frå kyrkjegardane i Kvinnherad» er tredje og siste band i serien, som presenterer små og store soger frå kyrkjegardane i Kvinnherad. Forfattar er journalist Morten Nygård i Grenda, som har gjeve ut boka.
Ny nettstad for populært turområde
Fatlandskogen er namnet på det flotte skogområdet innover den tusen mål store skogeigedommen til Arne og Anna Gjerde på Fatland, sør på Halsnøy. No er det kome ei informativ nettside om deira nye prosjekt. Sida fortel om alt du kan sjå og oppleva når du besøkjer området, både sommar og vinter.
Mor sine dagbøker
Salhuskvintetten song i si tid om «Gryta hennar mor», ein populær slager i Ønskjekonserten på NRK. Songen har gjeve meg inspirasjon til å skriva denne vesle historien om dagbøkene til mor mi, Britanna (f. Nedrevåg 1910) frå Husnes.
Før og no
19. januar: Det snør. Eg kan vel ikkje seia at det lavar ned, men det ser ut til å vera nok til å dekka over der eg så grundig og møysommeleg strødde i går. Eg heldt på i over ein time og var godt fornøgd med meg sjølv… til inga nytte. Akk, ja.
Fjernsynet pratar om sitt, eg har augene på mobilen og mannen min sit ved pc-en på arbeidsrommet. Dette får meg til å tenkja: Kva i all verda gjorde me på før i tida, før det å glana i ein skjerm opptok store deler av tida vår?
Tja. Då me var born? Då var beskjeden klar frå dei vaksne: «Ut og leik». Og me var ikkje vonde å be. Eg skal ikkje rekna opp alt det me gjorde, men me var i alle falk sysselsette heilt til mor ropte oss inn til kveldsmat. Men kva heldt me på me innomhus? Me hadde vel dokker og slikt, trur eg, i alle fall papirdokker, og me teikna.
Eg vart etter kvart ekspert på å framstilla fine damer, og dei var å finna både der eg hadde lov og der eg ikkje hadde lov. På blanke sider bak i bøker, på baksida av brev og konvoluttar. Akk ja, igjen. Og så spelte me kort. Far trong kortmakkarar, så me vart tidleg opplærde, både til casino og whist. Bøker høyrde med sjølvsagt, både til høgtlesing og å lesa i sjølve, når me vart store nok til det. Me var flittige låntakarar på Voss Folkeboksamling.
Hugsar du høyrespela i radioen? «Min min Mio» i laurdagsbarnetimen gjorde eit sterkt inntrykk, særleg den «onde ridder Kato»: «Jeg skal sitte i ro og fred og tenke onde tanker». I vaksenradioen handla det om «God aften, mitt navn er Cox» og «Dickie Dick Dickens». Og heile familien høyrde på «Jorden rundt på 80 dager» i radioteateret og då boka vart filmatisert, var familien på kino for fyrste og einaste gong.
Som vaksne fekk me vel ikkje fjernsyn før me hadde vore gifte i 5–6 år, så før den tid var det radio og bøker på fritida etter at Reidun var i seng. Berre me ikkje spelte tomannswhist òg?
Og gjekk ikkje folk meir på besøk til kvarandre før? Eller dei berre stakk innom, utan ærend til og med? Me hadde i alle fall bollar i bakhand i frysen, hugsar eg.
No skal eg vakta meg vel for å påstå at alt var så mykje betre før. Men at tida var annleis, det ser me vel alle.
Jorunn Toskedal
Nok eit heimeår
Livet er sånn nå, skriv Jan Gravdal, at det er som å være i såkalt «satt» alder, bruke briller for nært, og briller for fjernt og høre og se på alle nyhetssendinger, Fredrik Solvang og Dagsnytt 18.
«Tjugandedags-Knut jagar jula ut»
Tjuandedagen, eigentleg 20. dag jul, den 13. januar, blir av mange rekna som den siste juledagen, og då skal juletreet ut. Tradisjonelt var det likevel trettandedagen som avslutta jula.