– Kollo masse katt!
I barndommen budde Anne Solfrid Malmanger i same hus som besteforeldra sine. Ho fortel at bestemora låg sjuk i 12 år, og i alle desse åra vart ho pleidd heime. Det gav naturleg nok god kontakt med dokter Haugen.
Travel med sprøyta
Sølvi Ulvenes hugsar ei hending, som viser kor travelt dokter Haugen alltid hadde det.
Blue Monday
Det er no tre månader sidan boka om pop- og rockeband i Kvinnherad kom på marknaden, og det måtte jo før eller seinare dukka opp nokre feil. Dei første dette gjekk ut over var «Blue Monday» – bluesbandet med Tore Hartvik Kristensen, Stein Haugen, Stig Klette og Tormod Kayser.
Fødselsflekken
Sølvi Ulvenes vart fødd med ein raud flekk på eine sida av baken, på storleik med ein gammaldags femøring. Dokter Haugen meinte den burde fjernast, men mora ville ikkje vera med på å gjera det på den nyfødde ungen.
«Åt gebiss – trudde det var krabbe»!
– Krabbe er god mat, slo Anders Sjursen frå Sunde fast i ein reportasje i Kvinnheringen i oktober 1974. Han blei aldri lei av det, fortalte han til avisa sin medarbeidar som fekk vera med på fisket. Sjursen fortalde også ei nokså sterk historie om ein som åt eit gebiss i staden for krabbe.
Norsk meister i bogeskyting
Vi finn heile tida mykje kjekt når vi ser gjennom gamle biletarkiv og eksterne harddiskar. Her er eit døme på det. Dagens bilete er frå 1975, då Gunnvor Grønningen frå Husnes blei noregsmeister i bogeskyting under eit stemne i Oslo.
Vegvest i Matre
Vi mimrar og ser stadig vekk bakover i gamle biletarkiv. I dag har vi stoppa opp i Skavdalsvingen, «nyevegen» mellom Omvikdalen og Matre. Den offisielle opninga på den fine rasteplassen 12. mai 2007 vart ein stor folkefest.
Motorsykkel og briller
Otto Blokhus minnest at dokter Haugen kjøpte ein motorsykkel hos onkel hans, Mikal Blokhus.
«Mellombels» ferjestad i over 20 år
Frå 1. mai 2003 vart ferjene mellom Kvinnherad og Stord flytta frå Leirvik til Skjersholmane, etter sterke protestar frå både reisande og politikarar. Mange prøvde å få vedtaket omgjort. Ein politisk delegasjon frå begge kommunane reiste i april same året til Oslo for å ha møte med Samferdsledepartementet, Vegdirektoratet og Statens vegvesen.
Lars Jostein i SunnhordlandPodden
Musikaren og skribenten Lars Jostein Rørvik har levd eit interessant og allsidig liv i meir enn 75 år. Det fortel han om i eit intervju med Kjetil Fyllingen i SunnhordlandPodden. Vi får høyra om ein kjekk oppvekst i Røyrvik og om korleis han på 1960-talet vart musikar, då han kom med i The Tempers.
Døydde brått
Ingen kunne formidla noko så trist og vondt betre med ord enn dokter Haugen.
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar.
– Fabrikkpipa står i hundre år til!
Det er mykje interessant ein kjem over når ein søkjer i gamle biletarkiv, og her kjem eit nytt bidrag i Skimtvis si historieforteljing: Den gamle fabrikkpipa på Sunde, bygd i 1890. Opprinneleg var pipa på hermetikkfabrikken 28 meter høg, men ho er seinare blitt redusert fleire gonger, og i dag måler ho 22 meter, ifølgje ein artikkel i Kvinnheringen.
Gamle bilete fram i dagen
Etter eit langt liv som mediamann både på papir og på nett, har eg mange tusen bilete arkivert på ulike stader. Mange motiv, frå 1973 og framover finst i Kvinnheringen sitt rikhaldige arkiv. Men etter at dataalderen gjorde sitt inntog, blei det slutt på papirbileta – og alt blei lagra digitalt. No vil eg dela noko av det eg trur kan ha ålmenn interesse med dykk som les denne nettstaden.
Folgefonna blir borte hver dag
Isen ligger der som et hvitt hav som ingen visste om – bare for meg den dagen. Langt i sør-øst kunne jeg så vidt skimte sivilisasjonen. Det var 16. juli 1999 og jeg satt alene med Elaine Pages sang i radioen. I hytta hadde noen satt fra seg en halvfull dunk med hvitvin. Og det lå to ferdig vaska plastglass ved siden av dunken og på en lapp stod det: «Vær så god, forsyn deg».
«Han hev synt stor trott og orden»
Hugsar du historien om Tjerand Aske (1906–1976) frå Borgundøy, mannen som vi skreiv om i boka «Den sindige villmannen» i 2018? Han vart ofte sett på som ein eventyrar, etter at han midt på vinteren i 1931 tok seg over Folgefonna på ski – og sykkel. Mange karakteriserte denne turen som ei stor bragd, som blei hugsa i vide kretsar i mange år etterpå.
Var med i boka «Godt vaksen» – no er alle døde
Bernt Kaldestad er død, nær 102 år gammal. Han var den siste attlevande av 12 kvinnheringar i boka Godt vaksen. Dei elleve andre er gått bort tidlegare etter at boka kom ut i 2015. Den første var Solveig Heimvik frå Utåker, ho døydde brått 93 år gammal berre nokre månader før boka var ferdig.
Fekk bassgitaren sin tilbake
Det er snart 50 år sidan Ove Lemicka kjøpte seg ein bassgitar for cirka 1500 kroner. Han spelte på den tida i si andre popgruppe. Dei kalla seg «Black Widow», og hadde i 1975 seriøse planar. Gutane kjøpte godt utstyr, og satsa friskt.
Bok om pop og rock i Kvinnherad
I juni 2005 kunne Svein A. Vårdal og Geir Yven stolte presentera 40-års rockehistorie i ei utstilling på biblioteket på Husnes. Dei hadde samla effektar og anna dokumentasjon frå denne perioden, og hadde funne fram til 87 ulike band og 150 artistar med tilknytning til Kvinnherad.
Den nære fortida i Uskedalen
I fjor kom første utgåve i den lokalhistoriske uskedalsserien Den nære fortida ut, og det blei ein stor suksess – med svært mange kjekke tilbakemeldingar. No er oppfølgjaren klar, og den blei presentert i Helgheim laurdag 4. november. Thor Inge Døssland og Astrid Haugland selde godt med bøker.